JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

9892
20240628
9892
20240628

Romfart

christiane@dagogtid.no

Tysdag den 25. juni dalar ein raud- og kvitstripa ballong ned i eit goldt landskap i den kinesiske regionen Indre Mongolia. Frå det som ser ut som eit kontrollrom, følgjer konsentrerte menn ballongferda og ser ballongen lande nett der han skal.

Ballongen har med seg dyrebar last: Eit hylster som inneheld materialprøver frå baksida av månen. Det er første gong i historia at måneprøver frå baksida – altså den sida vi ikkje ser frå jorda – er henta til planeten vår.

Det kinesiske nyhendebyrået Xinhua omtalar oppdraget som eit av dei mest komplekse og utfordrande i kinesisk romfartshistorie fram til no.

President Xi Jinping var full av lovord etter den vellukka romekspedisjonen og gratulerte alle som hadde gjort han mogleg. Han kalla hendinga ein milestolpe i arbeidet for å styrkje landet innan romfart, forsking og teknologi. Ei hending land og folk aldri vil gløyme.

Ein storskjerm i Beijing viser nyhendebilete av det kinesiske flagget som var med landingsfartøyet på baksida av månen.

Foto: Tingshu Wang / Reuters / NTB

Avansert

Ekspedisjonen har vore avansert. Ifølgje informasjon frå NTB og BBC vart romsonden Chang’e 6, oppkalla etter ei kinesisk månegudinne i kinesisk mytologi, skoten opp frå øyprovinsen Hainan 3. mai.

Sonden krinsa kring månen for å senke farta før eit landingsfartøy vart sendt ned, plukka opp prøver frå overflata, vende tilbake og kopla seg på morfartøyet att. Sonden vart så send attende til jorda. Romferda varte i til saman 53 dagar.

Sidan det ikkje er mogleg å sjå baksida av månen frå jorda, måtte operasjonen gå føre seg med hjelp frå eit eige satellittbasert kommunikasjonssystem, som kinesarane sende ut i mars.

Månegudinne

Det kinesiske Chang’e-eventyret har fleire kapittel. Eit av dei viktigaste vart skrive i 2019, då Chang’e 4 vart det første romfartøyet som landa på baksida av månen.

Eit anna vart skrive i 2022, då kinesiske vitskapsfolk oppdaga eit nytt mineral, henta under Chang’e 5-ekspedisjonen på framsida av månen to år tidlegare. Også dette mineralet – eit fargelaust krystall – vart kalla opp etter månegudinna og har fått namnet Changesitt-(Y).

Ifølgje kinesiske styresmakter skal Chang’e 7 etter planen skytast opp i 2026 for å gjere undersøkingar på sørpolen på månen, medan Chang’e 8 skal opp i 2028 for å teste korleis det kan vere mogleg å utnytte måneressursar.

Kinesisk oppbygging

Kina har trappa innsatsen i verdsrommet kraftig opp dei siste 20 åra, etter at Kina, som det tredje landet i verda, sende eit menneske ut i verdsrommet i 2003.

Den britiske journalisten Tim Marshall skriv i boka The Future of Geography at Kina har bygd opp ein nasjonal romindustri som ser ut til å vere minst like cutting edge som den amerikanske.

Marshall skildrar det kinesiske romprogrammet som det mest militariserte i verda. Ikkje i form av pengebruk og kapabilitetar (USA bruker meir pengar og er betre utstyrt), men i den forstand at romprogrammet er definert som ein del av det nasjonale forsvaret. Risikoen for spionasje og tjuveri av data og teknologi har ført til at USA har avgrensa samarbeidet Nasa kan ha med den konkurrerande stormakta.

Det har ikkje stoppa Kina frå å byggje seg opp som romnasjon. Det beste eksempelet er kanskje at kinesarane har bygd sin eigen romstasjon i verdsrommet, Tiangong (Himmelpalasset). I tillegg byggjer dei ut eigne romhamner og sitt eige satellittbaserte navigasjonsnettverk, Beidou, for å kunne konkurrere med GPS.

Nytt månekappløp

Kinesarane har også eit uttalt mål om å sende menneske til månen innan 2030. Artemis-programmet, der dei amerikanske og europeiske romfartsorganisasjonane Nasa og Esa samarbeider med Japan og Canada, har hatt eit mål om å sende menneske til månen innan 2025, men tidspunktet har stadig vorte endra.

Nyleg sa Nasa-sjef Bill Nelson (i podkasten «All things considered» den 6. juni) at planen no er å sende tre amerikanarar og ein kanadiar i bane kring månen i september 2025. Tidspunktet for å sende astronautar som skal gå i land på månen, er, ifølgje kontrakten med SpaceX, eitt år seinare, i september 2026. Men som Nelson understrekar – tryggleik trumfar tidspunkt.

Nasa planlegg ein romstasjon, Gateway, som skal gå i bane kring månen, saman med samarbeidspartnarar som Esa, Japan og Canada.

Parallelt planlegg Kina ein romstasjon på månen, The International Lunar Research Station (ILRS), saman med sine allierte. I april offentleggjorde styresmaktene at den første delen skal byggjast på sørpolen på månen. Første byggetrinn skal etter planen vere ferdig i 2035, det andre i 2045.

Først til sørpolen

Går det føre seg det eit månekappløp mellom Kina og USA? Ja, meiner Nasa-sjefen. I det ferske intervjuet utdjupar han kvifor det er viktig for amerikanarane å kome først.

Nelson seier han ser kva Kina gjer på jorda, og han fryktar det same vil skje på månen. Ganske ordrett omsett seier han:

«Dei tek plutseleg over ein del av Sør-Kina-havet og seier ’dette er vårt, hald dykk vekk’. Eg vil ikkje at dei skal nå sørpolen på månen, som har eit avgrensa område der vi trur det er vatn. Sørpolen er prega av krater. Derfor er også områda der ein kan lande, avgrensa. Eg vil ikkje at dei skal kome dit og seie ’dette er vårt, hald dykk vekk’.»

Nelson seier kappløpet denne gongen ikkje berre handlar om å kome først tilbake til månen. Det handlar om å dra til sørpolen, der det er is, lære meir og kome vidare. Om det er vatn der, er det mogleg å skape hydrogen og rakettdrivstoff. Slik kan månen verte ein mellomstasjon for å kome vidare til Mars.

Som han seier: Månen er fire dagar unna. Mars er sju til åtte månader unna – med normal framdrift.

Ære og prestisje

Kva får Kina ut av Chang’e 6-ekspedisjonen på baksida av månen? Eg spør Arvid Bertheau Johannessen, fagsjef i Norsk Romsenter.

Arvid Bertheau Johannessen, Norsk Romsenter

Foto: Norsk Romsenter

– Alle dei store landa med eigne romprogram ønskjer vitskaplege resultat. Dei ønskjer også å vise at dei har teknologien som skal til for å gjennomføre slike prosjekt. Med det følgjer ære og prestisje. Før var det USA og Russland som dreiv med denne typen prosjekt. No har fleire land kome på banen – blant dei Kina.

– Kva gjer prosjektet så banebrytande?

– Det er jo den første gongen ein har henta prøver frå baksida av månen og fått dei tilbake til jorda på ein vellukka måte. Både russarane og amerikanarane har henta prøver frå framsida av månen, men no har ein fokus på område nær sørpolen av månen, fordi det er observert isdanning der.

Han seier at ein ønskjer å undersøkje nærmare kva vatnet inneheld, og korleis ein kan nytte det.

– Derfor er det også meir fokus på baksida av månen, som er endå meir komplisert å kome til. Her er det ein annan topografi – eit kraterlandskap. Meir observasjon av baksida vil kunne fortelje oss meir om historia til månen og eventuelt også historia til jorda.

– Kva er grunnen til den nye iveren etter å kome tilbake til månen, over 50 år etter at eit menneske sist var på månen?

– Då ein avslutta i 1972, hadde ein nådd dei måla ein hadde sett seg. Medieinteressa dabba av, Apollo-prosjektet dabba av og budsjetta vart kutta. Sidan har romfart med mannskap vore konsentrert om den internasjonale romstasjonen (ISS). Med nye observasjonar, ny kunnskap og teknologi stiller ein nye spørsmål, og tida er mogen for å dra tilbake igjen. No ser ein også månen som ein nødvendig mellomstasjon for å kome vidare til Mars.

Symbolikk

Jonas Vidhammer Berge, forskar ved Forsvarets høgskule, seier det ligg mykje symbolikk i den kinesiske ferda på baksida av månen.

Foto: Forsvarets høgskole

– Den kinesiske romambisjonen er nær knytt til supermaktambisjonen. Kina identifiserte verdsrommet som ein strategisk prioritet i starten av 2000-talet. Xi har ein personleg ambisjon om at Kina skal vere ei stormakt i rommet. Her er både det sivile og det militære viktig. Det å lande ein sonde på baksida av månen er teknologisk imponerande. Slik viser kinesarane at dei har gjort teknologiske framskritt.

Ser vi eit Kina som er i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda? Dei er ganske nær, meiner Johannessen.

– Nasa og samarbeidspartnarane har lengre erfaring, sjølv om det er meir enn 50 år sidan Apollo-programmet. Kina er ein seriøs utfordrar, seier han.

Berge seier Kina siktar mot posisjonen som den største stormakta i rommet, og at dei etter kvart har ganske sterke kort på handa.

Nasjonal romstasjon

Berge peiker på at Kina nokre år fram i tid kan verte ståande som det einaste landet i verdsrommet med ein nasjonal romstasjon i bane kring jorda.

Levetida til Den internasjonale romstasjonen (ISS) ebbar ut, og stasjonen er planlagd avvikla i 2030.

– Det å ha monopol på ein romstasjon vil nok vege tungt for Kina, seier Berge.

Johansen peiker på at Kina og USA no ser ut til å velje litt ulike vegar vidare i sine romprosjekt.

– Kina har under etablering ein nasjonal romstasjon, medan Nasa og Esa overlèt banen kring jorda til kommersielle aktørar. Ein stimulerer private aktørar til å etablere romstasjonar og starte eit kommersielt økosystem. Samtidig går Nasa med samarbeidspartnarar vidare og byggjer ein romstasjon nær månen.

Krigsdomene

– Vert den kinesiske romsatsinga oppfatta som eit trugsmål i USA?

Eg spør Berge.

– Ja, absolutt, men det militære aspektet veg tyngst. Det er ein spent situasjon i rommet. Den amerikanske romstrategien er tydeleg på at rommet lenge har vore trygt og stabilt, men at Kina og Russland no har væpna rommet og gjort det til eit krigsdomene. Dette trass i at USA langt på veg medverkar til å væpne rommet gjennom eigne handlingar. Utviklinga i Kina gjer at USA oppfattar kapabilitetane sine i rommet som truga.

NB: Det kinesiske landingsfartøyet falda ut det raude kinesiske flagget på ferda si på baksida av månen. Eit flagg spesielt utvikla for å vere med på måneferda. Eg har ikkje funne informasjon om at flagget vart planta i grunnen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis