JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kinesisk status quo

Militærøvingane utanfor Taiwan er del av eit vedvarande spel, seier Hans Jørgen Gåsemyr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein fiskebåt seglar forbi eit kinesisk krigsskip under militærøvinga utanfor Taiwan 11. april.

FOTO: Reuters / Thomas Peter

5009
20230414

Samtalen

Hans Jørgen Gåsemyr

seniorforskar (Nupi)

Aktuell

Kinas militærøving utanfor Taiwan

5009
20230414

Samtalen

Hans Jørgen Gåsemyr

seniorforskar (Nupi)

Aktuell

Kinas militærøving utanfor Taiwan

sofie@dagogtid.no

Kina har hatt militærøving utanfor Taiwan. Øya har sidan 1949 fungert som eit eige land med sjølvstyre, men Kina ser på Taiwan som ein del av sitt territorium. USA seier at dei skal forsvare Taiwan dersom Kina går til angrep. Hans Jørgen Gåsemyr er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

– Øvinga som har vore no, er ein respons på at presidenten i Taiwan var på besøk i USA. Kina har stadig vekk liknande øvingar anten som respons på andre ting eller generell signalisering av sine interesser og krav. Det er del av eit vedvarande spel.

– Du har budd i Kina og kan kinesisk. Korleis ser kinesarane på Vestens rolle i Taiwan-spørsmålet?

– For den vanlege kinesaren er det sjølvsagt at Taiwan tilhøyrer Kina. Når kinesiske styresmakter fremjar sine krav om at Taiwan er kinesisk territorium, har det brei støtte i befolkninga. Det er ulike haldningar knytte til kor langt ein skal gå når det gjeld å provosere fram ein militær konflikt. Mange kinesarar vil nok støtte det, andre vil sjå med frykt på kva konsekvensar det kan få. Sett frå Kina er ikkje dette ei sak som Vesten har noko med.

– Det høyrest ut som orda Emmanuel Macron brukte etter besøket i Kina denne påsken. Dette er ikkje vår konflikt, sa han. Har han rett i det?

– Sett på spissen er det iallfall eit utrykk for at verken Macron eller europeiske land generelt har noko ønske om å bli dregne inn i ein situasjon som kan trappe opp konflikten. Eg trur motbøren Macron får etter utsegnene sine, absolutt ikkje er representative for leiinga i dei fleste europeiske land. Mange land er til dømes skeptiske til å ha eit Nato som er meir aktivt i Asia. Dette er noko USA ønskjer, for det vil støtte amerikanske interesser. Det andre Macron sa, som kanskje har fått meir merksemd i USA, er at Europa ikkje skal dilte etter amerikansk politikk, men ha ein sjølvstendig utanrikspolitikk. Det er også linja til Europa generelt.

– Kvifor er Vesten så oppteken av Taiwan?

– Det er det fleire grunnar til. For det første ligg øya utruleg viktig til geopolitisk og strategisk. Det er land i området kring med stor maritim aktivitet, noko som sjølvsagt også betyr mykje for forsvarsstrukturen til USA med sine allierte i tillegg til Nato. Kina er sjølvsagt den store rivalen til USA internasjonalt. For det andre er det ei viktig symbolsk og prinsipiell sak å halde oppe, verne og støtte eit samfunn og eit område som har eit demokratisk styresett. Taiwan er kan hende Asias mest liberale demokrati, og det har ein verdi for demokratiske land. For det tredje har Taiwan ein produktiv økonomi og leverer varer som er særs viktige, til dømes halvleiarar. Og endeleg har USA, heilt sidan Taiwan byrja å fungere som eit eige land i 1949, forplikta seg til å bidra til å unngå at øya skal bli invadert militært av Kina.

– USA sel alt mykje våpen til Taiwan. Kan USA kome til å gi meir enn våpen?

– Biden har vore tydelegare enn tidlegare presidentar på at dei vil setje i verk ein militær operasjon dersom Kina går til angrep. Kva som skal til for at USA faktisk skal støtte Taiwan med meir enn våpen, er framleis ikkje klart, og det er taktisk frå USA, den grensa skal ikkje vere tydeleg.

­– Er det viktig for Noreg kva som skjer mellom Kina og Taiwan?

– Me må følgje med på korleis EU og europeiske land tenkjer og snakkar om Taiwan. Difor er Macrons besøk viktig. Samstundes har Noreg ein stødig politikk knytt til Kina og anerkjente Folkerepublikken Kina allereie i 1950. Noreg har aldri anerkjent Taiwan som eit land.

– Kvifor ikkje?

– Bakgrunnen for det er at Kina har vore og er så krystallklare på kor viktig den saka er, og kor langt dei er villige til å gå dersom land skulle endre politikken sin i det spørsmålet.

– Kvifor er me varsame med å velje side i Taiwan-spørsmålet når me er så tydelege i vårt standpunkt mot krigen i Ukraina?

– Det er fordi Ukraina og Taiwan er to heilt fundamentalt ulike situasjonar som ikkje kan samanliknast. Ukraina har sidan oppsplittinga av Sovjetunionen vore anerkjent som eit suverent og normalt land. Det har ikkje Taiwan.

– Legg me oss flate for Kinas linje?

– Nei, det å utrykkje støtte til korleis Taiwan fungerer i dag, og å understreke betydninga av ei fredeleg utvikling i Asia, betyr også at me kan vere tydelege på at me vil reagere negativt om Kina skulle gå til militært angrep på Taiwan.

– Finst det ei løysing på Taiwan-spørsmålet?

– Dersom alternativet er ein eskalerande konflikt som endar med krig, kan det beste scenarioet no vere å halde på dagens situasjon: at folk på Taiwan får leve fritt og at Taiwan framleis får fungerer som eit land, trass i at det ikkje får offisiell anerkjenning. Men det finst inga enkel løysing, og politikarar i Noreg og andre land som snakkar om enkle grep for å støtte Taiwan, er ikkje realitetsorienterte.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Dei siste par åra har den norske bonden fått kjenne konsekvensane av å produsere i eit system der utgiftene er styrte av marknaden, medan inntektene er styrte av politikarane, skriv Siri Helle.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar
Siri Helle

Effektivisering er ikkje berginga

Korleis gje bønder rettferdig inntekt når dei framleis skal vere sjølvstendig næringsdrivande?

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis