Kim-dynasti frå til Ei underleg forteljing om då den nordkoreanske ambassaden synte film og smugla sprit.
Ei underleg forteljing om då den nordkoreanske ambassaden synte film og smugla sprit.
Leiar i Nord-Korea Kim Jong-un på veg til møtet med Donald Trump i Singapore 13. juni.
Foto: Reuters / NTB scanpix
Trump er og blir ein forundringspakke. Ingen kan vita kvar han hoppar – truleg ikkje han sjølv heller. Men kan verda stola på nordkoreanarane? Det er spørsmålet etter triumfmøtet i Singapore, der Kim Jong-un og Donald Trump overgjekk kvarandre i gjensidig spegling av narsissisme. Er nordkoreanarane naive, smarte, upålitelege eller utkropne?
SPALTISTEN har hatt nærkontakt av andre grad med Nord-Korea. Kollektivet mitt delte i si tid bakgard med den nordkoreanske ambassaden i Vestheimgata 4B på Frogner. Dei tykte det var stas å ha unge journalistspirer som grannar, så me blei stadig inviterte til «pilm-show» med filmar frå Pyongyang – The Paradise on Earth. Alltid med den høgt respekterte Kim Il Sung i hovudrolla.
Til slike seansar kom det også halvhøgt tillitsvalde frå radikale LO-forbund. Under polstreikane på slutten av 70-åra fløymde det over av tørste strupar frå vidare krinsar i kultur, media og politikk, for serveringa var rikeleg og baren fri, og gjestane fekk gjerne med seg ei flaske whisky på veg ut.
Interessa for oss nære grannar kjølna då stadig fleire med posisjonar strøymde til. Det kom jo også etter kvar fram at me pusla med småtteri som norsk politikk og ikkje var på «foleign desk». Men naboskapet var godt, fredelig og omgjengeleg – særleg med dei to studentane som lærte seg norsk og fungerte som tolkar. Dei lurte stadig på kor «ælefullt» det var å vera journalist i Noreg.
DEN GAMLE Volvo PV-en min var solid og trufast, ikkje alltid like føreseieleg, men enkel å mekka på. Ein ettermiddag nekta bilen å starta, og det stinka bensin. Eg stod med hovudet i motorkassa, sjekka tennpluggane, men diagnostiserte at det måtte vera noko gale med forgassaren. Eg prøvde å skrua litt her og der, men det hjelpte ikkje.
Då henta studentane ambassaden sin sjåfør og mekanikar. Han fann raskt ut at flottøren i flottørkammeret hadde morkna slik at han blei fylt av bensin og ikkje løfta seg og stengde bensintilførselen til dysa på rett nivå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.