JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kherson kritisk for Kreml

Russland seier dei vil trekkja seg tilbake frå storbyen Kherson. Om det verkeleg skjer, har ukrainarane nådd ein milepåle i kampen mot den russiske imperiemakta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5892
20221111
5892
20221111

Kherson er mykje meir enn ein by. Kherson er eit symbol, fyrst på den kampen det russiske imperiet førte i fleire hundreår mot grannar i vest, sør og aust, og no på Ukrainas kamp for sjølvstende.

Kor viktig byen er, ser ein om ein kastar eit blikk på eit kart: Forbi Kherson flyt den mektige Dnipro-elva, vassvegen som heilt sidan mellomalderen har vore den sentrale livlina i det ukrainske landskapet. Om ein seglar berre om lag 30 kilometer frå byen, er ein ute i Svartehavet. Dreg ein hundre kilometer mot søraust, kjem ein til den smale Perekop-landtunga som bind halvøya Krym til fastlandet.

Vil ein ha kontroll med den vestlege delen av Svartehavet og Krym-halvøya, er Kherson staden ein bør sitja. Ikkje minst viktig er Kakhovka-demninga i Dnipro, sju mil vest for byen. Anlegget produserer store mengder elektrisitet, og bak demninga er det eit enormt reservoar som forsyner Krym med vatn.

Endra maktbalanse

Keisarinne Katarina den store og elskaren hennar, Grigorij Potjomkin (han med dei vidgjetne kulissane), forstod kor viktig dette området var. Mot slutten av 1700-talet førte dei to krigar mot det ottomanske imperiet. Gjennom desse krigane blei maktbalansen i Svartehavet varig endra, slik at Russland tok over rolla som hegemonimakt frå Tyrkia.

I 1778 gav Katarina ordre om å byggja ein by på dei nyerobra områda langs med Dnipro. Byen skulle heita Kherson. Namnet var ikkje tilfeldig valt. Kherson vart oppkalla etter oldtidsbyen Chersonesos, som ligg rett ved sidan av Sevastopol på Krym. Skal ein tru ein av de to kristningslegendene som munken Nestor skreiv ned kring år 1100, var det i Chersonesos at den seinare helgenkåra fyrst Vladimir av Kyiv-Rus lét seg døypa i året 988.

Vladimir valde den austlege utgåva av kristendomen, den varianten som blei dyrka i Konstantinopel. Det kulturskiftet som (kanskje) fann stad i Chersonesos i 988, har vore avgjerande for Ukrainas og Russlands veg gjennom historia heilt fram til i dag.

I fotspora til Katarina

Då Russland gjekk til åtak på Ukraina i grålysinga den 24. februar i år, var det altså ein god idé – sett frå Vladimir Putins synsstad – å setja kursen rett mot Kherson. Alt 2. mars tok dei russiske styrkane kontroll over byen. Dei fekk med dette makta over den nedre delen av Dnipro og sikra at ingen fiende kom seg inn mot Krym frå nord.

Men for Putin var nok den symbolske tydinga av Kherson kanskje like viktig som den militærstrategiske. Dei siste åra har han blitt meir og meir oppteken av å grunngje den politikken han fører i dag, med det som skjedde for eitt, to eller tre hundreår sidan.

Då han erobra Kherson, hadde han gått i fotspora til sjølvaste Katarina den store og Grigorij Potjomkin, dei to mest suksessrike russiske imperialistane gjennom alle tider. Om siktemålet var å gjenoppretta det russiske imperiet – noko mykje tyder på – kunne triumfen knapt ha vorte større.

At Putin er meir enn uvanleg oppteken av historia, blei stadfesta for berre eit par veker sidan: Frå katedralen i Kherson blei dei jordiske leivningane av Grigorij Potjomkin fjerna av dei russiske styresmaktene. Kor dei har teke vegen, veit ingen, men sannsynleg er det mot nord. Om Putin vil gravleggja Potjomkin ved sida av kjærasten Katarina i Peter-Paul-katedralen i St. Petersburg, står att å sjå.

Det tragikomiske er at mens slaget om Kherson i røynda hadde gått føre seg alt i fleire veker, sat nokon i Moskva og tenkte på liket til Potjomkin. Kreml har nok for fleire veker sidan skjønt at dei måtte trekkja seg attende frå Kherson. Då ville ein i det minste sikra seg dei gamle beinrestane.

Bitter røyndom

Den bitre røyndomen – sett frå Kreml – er at ukrainarane alt i sommar klarte å gjera dei to bruene som går frå austbreidda av elva Dnipro og over til vestbreidda, delvis ubrukelege for tunge køyretøy. For russarane blei stoda ikkje lettare av den vanskelege geografien. Alle som har vore i området i og omkring Kherson, veit at det på austsida av Dnipro er eit stort sumpområde der det nesten er uråd å bevega seg med anna enn båt.

Den russiske styrken som stod med ryggen mot Dnipro og mot sumpane på austsida, talte noko slikt som 25.000 mann. Å risikera at denne styrken langsamt skulle ha blitt øydelagd av ukrainsk artilleri og infanteri, var meir enn Putin kunne ta sjansen på.

Tilbaketrekkinga frå Kherson er militært fornuftig, men politisk er det på kanten av det katastrofale. Vladimir Putin har gått med på å trekkja den russiske hæren attende frå den einaste provinshovudstaden som er erobra sidan krigen tok til i februar.

Opnar for utvegar

For ikkje lang tid sidan innlemma den same Putin, føre heile den russiske samfunnseliten, Kherson fylke i Den russiske føderasjonen. Tapet av Kherson og landstripa på vestsida av Dnipro kan ikkje bli forklart som ei «konsolidering av frontlina». Alle i Russland forstår kva det tyder: Krigen går riktig dårleg.

For ukrainarane vil ei gjenerobring av Kherson vera minst like viktig. For det fyrste er dei viktige byane Odesa og Mykolajiv sikra for den ukrainske staten. Russland kjem no ikkje til å klara å avskjera Ukraina frå Svartehavet. Så har dei i Vesten som har vakla i støtta til Ukraina, fått ei klar melding: Det er fullt mogleg å slå den russiske krigsmaskinen attende. Det som det kjem an på, er kor mykje europearar og amerikanarar er viljuge til å hjelpa.

Alt i alt inneber dette at problema tårnar seg opp for Putin. For kvar dag som går, blir uro ute i folket meir sannsynleg. Ein kan heller ikkje sjå bort frå opprivande debattar innanfor den russiske leiinga. Når leiinga i eit totalitært land fyrst blir splitta, opnar det for mange utvegar. Også for eit regimeskifte.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

SKRIFTSTADEN. Ivar Aasen dikta truleg «Vise om Giftermaal» her på lensmannsgarden i Litlebergen nord for Bergen i 1843. Måla av M. Roti i 1899. Faksimile frå Jarle Bondevik og fleire (red.): Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen, 1995.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kultur

Den bortkomne Aasen-visa

Ungkaren Ivar Aasen (30) dikta ei ungkarsvise i 1843 som kom bort for Aasen-kjennarane og blei ei skillingsvise for folk flest.

Ottar Grepstad

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis