Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Karma?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2009
20240621
2009
20240621

«Den du ringer, er ikke tilgjengelig for øyeblikket, vær vennlig og legg igjen en beskjed.»

Ikkje noko svar hos hagesenteret. Eg ville vite om dei hadde settepoteter att. Det å gå ein bomtur til hagesenteret var uaktuelt.

Det dårlege humøret eg hadde vakna med, var framleis dårleg, kanskje det til og med hadde blitt verre.

Blikket fall på dei to posane med panteflasker i gangen. Eg kjende ei eling gjennom kroppen. Viss eg gjekk ut, kunne eg ta med flaskene og ta lodd i pantelotteriet. No var det vel snart min tur til å vinne potten? Eg hadde funne ei ny meining med dagen og hadde ingenting å tape.

Ryggen vart rakare og truten litt mindre stram då eg nærma meg butikken. Lotteriknappen som eg snart skulle trykke på, okkuperte tankane.

I pantekøen framføre meg stod ei kvinne med langt skjørt i fleire fargar. Trass i at ho hadde fem fulle posar med pant, såg ho like ivrig på dei bulande posane mine som eg gjorde då eg tenkte på lotteriknappen. Ho signaliserte at ho var gravid i tillegg til å ha tre andre born å forsørgje.

No kjende eg på motstridande kjensler. Korleis kunne eg på same tid hjelpe denne kvinna og ta lodd i pantelotteriet? Eg gav ho den eine posen min og heldt godt på den andre. Ho såg på meg med eit blikk som sa meir enn tusen ord. Eg var for flau til å pante flaskene i same butikk som ho etter dette, og gjekk til ein annan butikk.

Eg panta flaskene, trykte på lotteriknappen og venta eit sekund på at lappen med «ingen gevinst» skulle skrivast ut. Panten går til Raudekrossen, trøysta eg meg med. Sjølvinnsikta hadde slått inn.

I staden skreik orda «Gratulerer!!! Du har vunnet!» mot meg. Eg fekk ein vond smak i munnen.

Eg hadde teke eitt steg utanfor butikken då det byrja å hølje ned. Det lovde ikkje godt for klesvasken ute på balkongen. Då eg tok neste steg, ringde telefonen. Det var hagesenteret:

«Vi solgte de siste settepotetene i går, dessverre, og får ikke nye inn før neste sesong.»

Ingenting å så, ingenting å hauste. Men bomtur vart det ikkje.

Råtass

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis