Kommentar

Kan me håpa på ein palassrevolusjon?

Er det nokon som kan stoppa Vladimir Putin? Om dei finst, må ein leita i den inste krinsen rundt presidenten: blant mennene som styrer dei såkalla maktministeria.

Publisert

Det var ikkje tilfeldig at den russiske regimekritikaren Aleksej Navalnyj blei arrestert for eitt år sidan. Tilfeldig var det heller ikkje at menneskerettsrørsla Memorial blei forboden i julehelga. Det som skjedde, var at det russiske sivilsamfunnet blei knebla.

Om ein ser det frå Putin-regimets synsvinkel, har det heile fungert godt. Systematisk har ein gjort alt klart for krigen i Ukraina. Vladimir Putin har gjort mange feil: Fyrst og fremst har han overvurdert sin eigen militære styrke og undervurdert styrken til fienden, slik dei fleste krigsherrar har gjort opp gjennom historia. Men på heimebane gjorde Putin ein grundig jobb. Han sytte for at det russiske folket blei lukka inn i eit svart informasjonshol, og han sytte for at dei som kunne ha leia store massedemonstrasjonar mot krigen, i god tid blei sette i fengsel eller jaga ut av landet.

Maktapparatet

Difor er det lite truleg at Putin dei neste vekene eller månadene blir styrta av ei bølgje med folkeleg misnøye. Og skulle misnøya bobla opp til overflata for alvor, har Putin eit stort apparat som er viljug til å bruka så mykje vald som ein treng for å halda befolkninga på plass.

Kor viktig dette maktapparatet er, såg ein då Vladimir Putin heldt den TV-sende førestillinga 22. februar, rett før invasjonen. Dei fleste av mennene som var til stades der, representerte det ein på russisk kallar maktministeria. Dette er dei delane av det russiske samfunnet som er væpna, og som kan nytta makt, anten innanfor eller utanfor grensene til Russland. Den viktigaste delen av dette apparatet er sjølvsagt armeen, som blir leia av to menn: forsvarsminister Sergej Sjojgu og sjef for generalstaben Valerij Gerasimov.

Då Putin steig opp til toppen av det russiske samfunnet kring hundreårsskiftet, tok han med seg mange av dei han hadde arbeidd saman med i KGB i Leningrad på 1970- og 80-talet. Noko overraskande er det at dei to som leier det russiske militærapparatet, ikkje kjem frå denne krinsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement