Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

«Kan du stave F-A-C-E-B-O-O-K?»

Ane Dahl Torp har etterlyst ei ålmenn aldersgrense for sosiale medium på skulen. Utdanningsforbundet er ikkje samd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Barn som er så små at dei manglar finmotorikk nok til å trykkje på rett knapp, har tilgang til smarttelefon.

Foto: Jan Haas / NTB scanpix

2954
20180615
2954
20180615

Eg er tolv år og sit og sukkar over matteleksene ved kjøkenbordet i barndomsheimen på Sunnmøre.

– Her Mone, skal du få noko av meg, seier mor mi.

I fanget hennar ligg det ein – etter notidas standard – mikroskopisk mobiltelefon. Ein Siemens A50.

– Har eg fått mobil, spør eg og greier så vidt å forme orda rundt smilet.

Det er gamletelefonen til mor mi eg får. Men eg er så spent at eg nesten ikkje tør å ta i han. Kven skal eg sende SMS til først, grublar eg. Har eg nummeret til veninna mi over vegen?

Får du mobiltelefon for første gong når du er tolv i dag, er du seint ute. Barn som er så små at dei ikkje berre manglar finmotorikk nok til å trykkje på rett knapp, men heller ikkje har lært seg å skrive ordentleg, har tilgang på smarttelefon. Og 90 prosent av 10–11-åringar har eigen smarttelefon, melde Adresseavisa tidlegare i år. Svært mange av desse nyttar sosiale medium.

Tidleg i førre veke skreiv skodespelar Ane Dahl Torp eit innlegg i Aftenposten. Ho bad skulen om å setje ei aldersgrense for sosiale medium for skuleelevar over heile landet. Det var ikkje Utdanningsforbundet samd i. Det er ikkje skulen sitt mandat å bestemme om barn skal vere på sosiale medium, melde NRK.

Eg tenkjer med éin gong på kollegaen som slo ut med hendene og utbraut:

– Det er ikkje mogleg å ha born i skulen utan å ha Facebook!

For når skulen aktivt opprettar foreldregrupper på Facebook for å ha kontakt med foreldre og elevar, og informere om fellesaktivitetar og foreldremøte, har dei ikkje eit ansvar for elevane på den same plattforma?

Barneombodet og Medietilsynet meinte at ein må vurdere kor modne borna er, og høyre kva dei sjølve meiner om aldersgrenser. Og her ligg problemet; Ein spør ikkje born om kva dei meiner om aldersgrensa på ein film. Eller aldersgrensa på ei berg-og-dal-bane. Hadde eg, då eg var åtte, hatt tilgang på ein film med 18-års aldersgrense, hadde eg sjølvsagt sett han. Og etter to timar med kiking bak ei sofapute, hadde eg tårevått tilstått synda. Sosiale medium kan ein ikkje kike på bak ei sofapute, ein må kommunisere og ta aktive val. Dessutan seier direktør i Medietilsynet Mari Velsand at mykje tyder på at foreldre er meir opptekne av kor mykje tid borna nyttar på smarttelefonen, enn kva dei faktisk gjer der. Kan ein då vente at tiåringen har utvikla evne til å tenkje konsekvens?

Eg var tolv i 2003. Det er ikkje lenge sidan. Vi måtte lære sosiale mekanismar utan skjerm, og min Siemens A50 var til så mor mi kunne gje meg kjeft per SMS då eg var for sein heim om kvelden. Likevel hadde vi mobilforbod på skulen. Sosiale medium distraherer elevane på ein annan måte, men på ein måte som kan ha langt større konsekvensar. Og sosiale medium har ei rolle i skulen. Kvifor er det då så vanskeleg å seie nei?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Sosiale medium kan ein ikkje kike på bak ei sofapute.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis