Kampen mot vindkrafta
Frøya-ordførar Berit Flåmo seier kommunen vurderer å prøve å stoppe det planlagde vindkraftanlegget, men ho er ikkje overtydd om at det går.
78,5 prosent av innbyggjarane på Frøya er imot vindkraftverk i kommunen. Førre veke prøvde demonstrantar å stogge dei fyrste gravemaskinane som kom til anleggsområdet.
Foto: Lena Jørgensen, Frøya.no
Denne veka la Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fram det dei kallar ei nasjonal ramme for vindkraft på land. Der peikar NVE ut dei 13 områda som direktoratet meiner er best eigna for å etablere vindkraftanlegg i Noreg, spreidde over alle fylke utanom Oppland, Troms, Oslo og Akershus.
Tre av områda ligg i Trøndelag, der planen alt har møtt kritikk. Frøya kommune er ikkje inkludert i områda, men der vart det alt i 2013 gjeve konsesjon til vindkraftverk, utan at det har vorte bygt enno. I 2005 sa eit knapt fleirtal av innbyggjarane ja til vindturbinar i ei folkerøysting. Denne veka var det ny folkerøysting der 78,5 prosent røysta nei. Kva no, spør vi Frøya-ordførar Berit Flåmo (Ap).
– Ja, kva skjer no? Ei folkerøysting er jo rådgjevande, så no skal vi ha eit kommunestyremøte der vi diskuterer vegen vidare. Der skal vi òg handsame ein klage på ein såkalla MTA – ein miljø-, transport- og anleggsplan for utbygginga, som NVE har godkjent. Vi gav høyringsinnspel som det ikkje er teke omsyn til.
– Kva innspel var det?
– Vi har hatt innspel til anleggsvegane og eit innspel om eit hubropar og varsla om at eit par av turbinane må flyttast for å ta vare på naturmangfaldet. Vi har òg sterke innvendingar mot høgda på vindturbinane, som er planlagd til 180 meter. Tidlegare vart det sagt 150 meter.
– Korleis vurderer du sjansen for å stoppe vindturbinane?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.