Kampen mot IS
Kampen om Syria har teke ei ny vending. Norske soldatar som skal bidra i kampen mot IS, risikerer å måtte slåst mot iranskstøtta milits og syriske regjeringsstyrkar.
SAMAN MOT IS: Krigarar frå den syriske opprørsgruppa Maghaweer al-Thawra (til venstre) saman med ein amerikansk soldat i eit pansra køyrety. Biletet er teke nær al-Tanf-basen som USA har etablert inne i Syria for å føre krigen mot IS. Dette er same base som norske soldatar skal ha blitt observerte ved tidlegare i år.
Uncredited
Kva driv dei eigentleg med, dei norske styrkane som skal vere bidraget vårt i krigen mot den såkalla islamske staten (IS)? Om det veit vi fint lite, for forsvarsdepartementet fortel nesten ingenting om saka. Dei vi veit, er at regjeringa i fjor vedtok å sende kring 60 norske soldatar til Jordan for å trene opp syriske grupper som skulle kjempe mot IS inne i Syria. Den norske styrken inkluderte spesialsoldatar, og er eit bidrag til den USA-leidde koalisjonen i kampen mot IS.
Å nedkjempe den brutale islamistrørsla IS, som inntil ganske nyleg kontrollerte store delar av det syriske territoriet, framstår i seg sjølv som eit fornuftig mål. Men det folkerettslege grunnlaget for det norske bidraget er svært diskutabelt (sjå eiga sak). Og utviklinga i den syriske borgarkrigen kan no gjere dei norske soldatane til deltakarar i ein heilt annan strid enn den dei vart sende ned for å ta del i. Sidan midten av mai har amerikanske styrkar i Syria hatt fleire samanstøytar med syriske styrkar. USA har skote ned eit syrisk jagarfly og to iranske dronar, og bomba to syriske militærkolonnar.
Mykje tyder på at norske soldatar opererer eller har operert inne i Syria. Og som USAs allierte risikerer også dei å bli trekte inn i kamphandlingar mot Assad-lojale styrkar, dersom kampane eskalerer.
Syriske protestar
Dei norske soldatane er i Midtausten som ein del av den USA-leidde militæroperasjonen «Inherent Resolve», som starta i 2014. Operasjonen er retta mot IS både i Irak og Syria, og Noreg har tidlegare sendt soldatar til Irak for å lære opp irakiske og kurdiske styrkar. Dette er i seg sjølv ikkje noko folkerettsleg problem, sidan dei norske soldatane er der med invitasjon frå den irakiske regjeringa.
Men den internasjonale krigføringa mot IS inne i Syria er ei anna soge. Det syriske regimet har rett nok hatt nytte av denne bistanden i sin eigen kamp mot IS, men har likevel protestert skarpt mot at USA og andre land fører krig inne på syrisk territorium utan godkjenning frå Damaskus. Og i fjor vart det norske vedtaket om å trene opp syriske grupper for å slåst mot IS, kalla «ei grov og uakseptabel innblanding» av det syriske utanriksdepartementet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.