Kamp om løn og lærarar
Lærarane meiner dei har vore lønstaparar seks år på rad, og trappar no opp streiken for høgare løn. – Vi kjem til å streike det som skal til, seier Steffen Handal i Utdanningsforbundet.
Skulane var stengde under pandemien. No kan dei verte stengde igjen etter sommarferien, som følgje av streik.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Etter ein for mange ekstra lang sommarferie, startar skulane kringom i landet opp att dei neste to vekene. I alle fall nokre av dei, men kanskje ikkje alle.
Lærarane i Skolenes Landsforbund, Norsk Lektorlag og i Utdanningsforbundet har vore i streik sidan før sommarferien og har varsla opptrapping fram mot skulestart. Det har ikkje vore kontakt mellom lærarane og motparten i KS, som er interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for kommunar og fylkeskommunar, i løpet av sommaren.
Steffen Handal, som leier Utdanningsforbundet, seier strategien for streiken er lagd, men vil ikkje ut med kor mange lærarar og kva skular som kan verte omfatta. Han stadfestar likevel at det kan verte snakk om heile skular.
– Ja, det kan det hende det vert. Vi kjem til å streike det som skal til, men det er vanskeleg no å seie kva det kjem til å innebere, så lenge vi ikkje veit kva KS tenkjer, seier han.
– Går ikkje opp
Det lærarane streikar for, er høgare løn. Dei tre forbunda støtta ikkje lønsavtalen hovudsamanslutningane LO, Unio, YS og Akademikarane vart samde med KS om i mai. Avtalen innebar at snittløna i kommunal sektor auka med 3,84 prosent. Men medan det gav ein grunnlønsauke på 3,1 prosent i snitt for fleire av dei andre store yrkesgruppene i kommunesektoren, utgjorde det ikkje meir enn 2,8 prosent i snitt for dei tilsette i utdanningssektoren, ifølgje Utdanningsforbundet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.