Kamp mot dødeleg smitte

Den siste veka har nær 50.000 fjørfe vorte avliva som følgje av fugleinfluensa­utbrotet hjå to kommersielle fjørfeprodusentar på Jæren. – Vi kan ikkje ta sjansar, seier landbruksdirektør Geir Skadberg.

For fyrste gong er den dødelege fugleinfluensaen påvist hjå kommersielle fjørfeprodusentar i Noreg.
For fyrste gong er den dødelege fugleinfluensaen påvist hjå kommersielle fjørfeprodusentar i Noreg.
Publisert Sist oppdatert

Førre veke vart 7500 høns på ein gard på Jæren avliva etter at det var påvist såkalla høgpatogen fugleinfluensa i besetninga. Det var fyrste gong den alvorlege sjukdomen vart påvist hjå ein kommersiell fjørfeprodusent i Noreg.

Denne veka vart nye 7000 høns på nabogarden avliva på grunn av mistanke om eit nytt utbrot. I tillegg er det innført strenge smitteverntiltak for bøndene i ei sone på 10 kilometer rundt gardane og endå strengare tiltak i ei 3-kilometersone.

Statsforvaltaren i Rogaland koordinerer beredskapsarbeidet og hjelper Mattilsynet med kunnskap om produsentane i området. Landbruksdirektør Geir Skadberg hjå Statsforvaltaren har vore i fleire krisemøte den siste veka.

– No er det stadfesta at det har vore to utbrot av fugleinfluensa, men kvifor avliva ein denne veka nye 7000 høns før det i det heile teke var sikkert at besetninga var smitta?

– Det er tiltak som vert gjorde fordi vi ikkje kan ta sjansar. Sjukdomen er svært smittsam. Ein produsent innanfor 3-kilometersona måtte gasse mellom 30.000 og 40.000 slaktemodne kyllingar i helga, fordi han ikkje fekk levere til slakteriet. Køyretøy som skal gjennom sona, må desinfiserast.

– Kvar kjem smitten frå opphavleg?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement