KamelhestI kva land finn du «melkskommel» og «mengeldrankie» på drikkekartet? Sør-Afrika, sjølvsagt. Eg som heiter Spaans («spansk» på nederlandsk), har fordjupa meg i det einaste ordet på norsk som etternamnet mitt rimar på: afrikaans.
I kva land finn du «melkskommel» og «mengeldrankie» på drikkekartet? Sør-Afrika, sjølvsagt. Eg som heiter Spaans («spansk» på nederlandsk), har fordjupa meg i det einaste ordet på norsk som etternamnet mitt rimar på: afrikaans.
Kva veit vi om afrikaans – dotterspråket til nederlandsk? Svært lite – trass i interesse, særleg mellom målfolk, før krigen for «die boere se taal», bondemålet. Nynorsk og afrikaans er dei yngste skriftspråka i den germanske språkfamilien.
Så kom apartheid, og afrikaans vart tabu. Men i dag er afrikaans ein naturleg del av regnbogenasjonen Sør-Afrika. Det er faktisk like mange «farga» brukarar av språket som kvite.
Afrikaans har mykje sams med nynorsk. Ein mindre flatterande likskap er garpegenitiv, som i «die man se kinders», «mannen sine born». Språkpurismen i afrikaans er meir interessant, men somtid òg komisk. Her fylgjer ei liste «for-afrikaansingar» til inspirasjon for målfolk:
Melkskommel og mengeldrankie tyder milkshake og cocktail. Skal du ha litt snacks til, duger det med aartappelskyfies, «jordepleskiver», altså potetgull. Suurlemoen, sitron, kan du ha i mengeldrankieen. Vil du ha noko søtare, finst stokkielekker, kjærleik på pinne.
I Kappstaden reiser du med moltrein – «moldvarptoget», T-banen, om du skal til ein snydokter, kirurg, eller haarkapper, frisør.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.