Kald krig blir heitOgså Iran og Israel nyttar Syria som slagmark for den gamle konflikten sin.Utanriks

Også Iran og Israel nyttar Syria som slagmark for den gamle konflikten sin.

Statsminister Benjamin Netanyahu på ein pressekonferanse 30. april i år. Han hevda at atomavtalen ikkje hindra Iran i å utvikle atomvåpen, og meinte at avtalen burde seiast opp. Sist veke gjorde president Trump som Netanyahu ville.
Statsminister Benjamin Netanyahu på ein pressekonferanse 30. april i år. Han hevda at atomavtalen ikkje hindra Iran i å utvikle atomvåpen, og meinte at avtalen burde seiast opp. Sist veke gjorde president Trump som Netanyahu ville.
Publisert

Fiendskapen mellom Israel og Iran har gjennom tiår vore kalla ein kald krig: Striden har blitt utkjempa gjennom hatefulle talar, væpna stråmenn og attentat. Men dei siste månadene har konflikten byrja å likne mykje på det vi vanlegvis kallar krig. Og også i denne striden er Syria slagmarka.

Den siste eskaleringa starta natt til 10. mai, da iranske styrkar i Syria skal ha sendt kring 20 rakettar mot israelske stillingar i dei okkuperte Golan-høgdene. Berre fire av rakettane skal ha kome over grensa, og ingen av dei skal ha gjort skade. Iran har på si side nekta for å ha stått bak noko åtak. Det som er sikkert, er at Israel same natt retta ein serie bombeåtak mot iranske mål i Syria. Forsvarsminister Avigdor Lieberman har hevda at storparten av den iranske militære infrastrukturen i Syria vart øydelagd.

Israelske styresmakter kalla den siste bombinga eit «svar» på rakettane som skal ha blitt sende mot Golan, ut frå det gamle prinsippet sitt: «Om det regnar her, skal det styrtregne der.» Men det har regna hardt i Syria lenge: Dei siste åra skal Israel ha stått bak nærare hundre bombe- og rakettåtak mot iranske våpenkonvoiar, iransk antiluftskyts eller andre installasjonar, og eit ukjent tal soldatar og offiserar frå den iranske Revolusjonsgarden har mista livet. Inntil sist veke har ikkje Iran slått attende. Men iranarane ser ut til å ville etablere eit varig militært nærvær i Syria, noko som er uakseptabelt for Israel.

Oppseiinga

Sist veke vart Iran òg råka av eit økonomisk slag. Da president Donald Trump trekte USA frå atomavtalen med Iran, oppfylte han ønsket til statsminster Benjamin Netanyahu i Israel, som lenge har prøvd å overtale USA til å seie opp avtalen. Det er ikkje lagt fram bevis på at Iran hadde brote atomavtalen, som skulle sikre at utanlandske inspektørar fekk halde oppsyn med det iranske atomprogrammet. Men for Israel var det viktigare at avtalen innebar heving av sanksjonane, slik at Iran kunne styrkje seg økonomisk og militært. Kan hende kjenner det israelske militæret seg sikre på å kunne stogge atomprogrammet til Iran før det blir eit trugsmål: Israel bomba ein atomreaktor i Irak i 1981 og ein annan i Syria i 2007.

Israel og Iran har vore fiendar så lenge at det kjennest som ein naturtilstand. Men forholdet mellom statane har ikkje alltid vore dårleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement