Kake til alle
Høgrepopulismen som retorisk fenomen er daud. Men sidan vi har Oljefondet, er det meir kake att.
Høgrepopulismen, kva det no måtte vera, var artigare før, særleg i dansk tapping. «Når ei tibetansk fjellgeit har fått ein torn i foten, er ikkje det eit dansk problem», som Morgens Glistrup, leiaren av det danske Framstegspartiet, sa det. Eller: «Når vi ser kor mange som har uførepensjon her til lands, skulle ein tru det hadde gått ein atomkrig over landet.» Overdrivingane var så kraftige at dei vart både elegante og pregnante.
Carl I. Hagen kunne òg vera morosam. Då Bjørn Hansen og Tom Berntzen i NRK køyrde han knallhardt på at landet kom til å gå åt skogen om vi førde inn att sjuårig folkeskule, svara Hagen: «Alle vi tre gikk i den syvårige folkeskolen. Det ble da skikkelige folk av noen av oss.» Slik er det knapt lenger. No er det traurig og tilsynelatande sakleg politikarprosa som gjeld, og særleg gjeld det i framlegget til partiprogram for 2013 til 2017. Høgrepopulismen som retorisk fenomen er daud og partiprogrammet keisamt, keisamt og keisamt.
Daud er òg mykje av den liberalismen som Glistrup og Hagen, i det minste i yngre år, representerte. For no er det meir kake att til alle, som er greitt nok å hevda, sidan vi har Oljefondet, men Frp vil òg ha oss til å tru at vi ikkje vert feitare av meir kake, og det er ikkje fullt så greitt. For som vi les på side 9: «Veksten i offentlig sektor må holdes lavere enn veksten i privat sektor.» Dette målet er i og for seg høgverdig nok, men i møte med eldrebylgja er det nokså utopisk, og endå meir utopisk vert det i møte med Frps eige program.
Auka offentleg sektor
På side 7, berre to sider før påstanden om at offentleg sektor må haldast nede, les vi dette om kva partiet vil gjera i den kommunalt finansierte omsorgssektoren: Frp vil «sikre 100 prosent finansiering av primæroppgavene gjennom statlig stykkpris». Ikkje noko mindre enn 100 prosent, altså. Så er då også 100 prosent utteljing i all hovudsak det Frp står for i finanspolitikken.
Det er betre å sitera enn å parodiera. Lat oss byrja med skatt: «Det bør innføres et flatere skattesystem med store bunnfradrag som bidrar til at flere kan greie å leve av egen inntekt.» Vi får ikkje vita kva det kostar. «Frp vil også fjerne arveavgiften, samtidig som vi vil redusere dokumentavgiften og flere andre fiskale avgifter for å avvikle disse på sikt. Slike skatter er i realiteten en dobbeltbeskatning.» Men alle avgifter er i realiteten dobbelskatt; når vi kjøper noko, er det med inntekt vi alt har betalt skatt for.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.