Juni d’Arc
Sjølv om det enkle ofte det beste, er det ikkje av den grunn lett. Det veit Juni Dahr.
Og difor er publikum verda over ikkje i tvil om at dei kan tru på henne.
Juni Dahr har i 30 år sett opp særmerkte teaterstykke som er framførte over heila verda.
Foto: Janne Møller-Hansen / VG
Juni Dahr har i 30 år sett opp særmerkte teaterstykke som er framførte over heila verda.
Foto: Janne Møller-Hansen / VG
Portrett
hilde.vesaas@gmail.com
«Alt de vil sjå her i kveld, er verkeleg», seier Juni Dahr i den innleiande scena til den framsyninga som aller mest har merkt livet hennar: Jeanne d’Arc – Visjon gjennom eld. Stykket vart skapt på engelsk i USA på slutten 1980-talet og sidan framført over heile verda, ikkje minst her heime, då i nynorsk språkdrakt.
Sidan den gongen har skodespelaren sett opp særmerkte framsyningar som ho turnerer med verda rundt, anten aleine eller med nokre få andre utvalde skodespelarar. Dette er nedstrippa teater, oppført i scenerom tett knytte til handlinga, i kyrkjer og på låvar. Dette er teater som verkar i dei som opplever det.
Bak denne intense forma for skodespel ligg mange års røynsle med pil og boge, for å låne orda til Olav H. Hauge – ein diktar Dahr har laga framsyning om. I det heile er Oslo-jenta glad i det nynorske. Då Fjernsynsteateret ønskte at ho skulle lage ein norsk versjon av skodespelet om «Jomfrua frå Orléans», fekk dei klar beskjed om at då måtte det skje på nynorsk og at ikkje kven som helst skulle gjere jobben.
Juni Dahr kjenner seg knytt til Telemark, og det er her eg møter henne ein ettermiddag like før sommarferien. I samband med Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival er ho i grenlandsbyen for å spele Markens Grøde. Eg har ikkje sett Juni Dahr sidan i Seljord i 1990, på premieren for den nynorske Jeanne d’Arc. Denne dagen har eg køyrt nokre mil og leita etter parkering, og eg har dårleg tid når eg skundar meg mot kafeen på kaikanten ved Ælvespeilet, Porsgrunns nye kulturhus. Juni Dahr kjem mot meg med spenstige skritt og ein ryggsekk lett over aksla. Det slår meg kor lite ho har endra seg på dei nesten 30 åra som har gått. Å spele teater på dahrsk vis må vere bra for å halde kroppen ung og hovudet klart. At det også er særs krevjande, går opp for meg nå ho fortel om den lange «reisa» ho har gjort for å kome fram til den spesielle forma framsyningane hennar har.
Først får eg forteljinga om Dahr og «diktardronninga». Etter å ha hatt stor suksess med soloframsyninga Joan of Arc – Vision through fire i California og andre plassar i USA, tok Juni Dahr henne heim til Noreg, framleis framført på engelsk. På oppsetjinga i Gamle Aker kyrkje var Magne Bleness, dåverande sjef for Fjernsynsteateret i NRK, til stades. Etter framsyninga kom han fram med klar beskjed: Dette måtte bli fjernsynsteater.
– Då må det vel vere på norsk, meinte Dahr.
– Å, var det på engelsk? repliserte fjernsynsteatersjefen. Han var så gripen at han ikkje hadde lagt merkje til kva språket på scena hadde vore.
Ja, men ei omsetjing måtte dei vel kunne fikse, meinte han.
– Ja vel, men då vil eg ha dronninga, sa Juni Dahr.
«Dronninga» var sjølvsagt Halldis Moren Vesaas, bestemor mi.
Bleness ringde der og då, men fekk ikkje noko klart svar på ståande fot. Halldis Moren Vesaas var som alltid engasjert på mange hald.
Kort tid etter skulle den nye kyrkja ved Frognerparken, Skøyen kirke, bli innvigd. Juni Dahr skulle spele Jeanne d’Arc her.
– Rett før eg gjekk på scena, fekk eg vite at Halldis sat i salen. Det auka nervane, men òg motivasjonen.
Alt dagen etter var Halldis på tråden.
– Det kriblar i hendene mine, sa poeten og gjendiktaren. Ho var klar for oppdraget.
Til urpremieren i Seljord kom også Olav H. Hauge og kona Bodil Cappelen. Fjernsynsteateroppsetjinga vart gjord i kyrkjeruinen på Røst.
Under arbeidet følgde Dahr med Halldis Moren Vesaas heim til Vinje, ein del av landet ho kjende godt frå før. På 1970-talet var Juni Dahr med på å byggje opp Raulandsakademiet her. Dette var før ho visste at ho skulle bli skodespelar. Sjølv om ho hadde teke dramalinja ved Hartvig Nissens skole, var ho ei stund i villreie om kva retning ho skulle gå. Så kom ho inn på Statens Teaterhøgskole på første forsøk, og retninga var staka ut. I tolv år var ho fast ved Den Nationale Scene i Bergen. Likevel ville ho noko meir, noko anna. I 1980 drog ho til Polen.
Jerzy Grotowski (1933–1999) var ein polsk regissør og dramateoretikar som skapte ein heilt eigen skule for teater og skodespel. Grotowski meinte at å spele teater er mykje meir enn å stå på ei scene og framstille fiktive karakterar, det er ei søking etter sjølverkjenning og merksemd. Det fysiske er særs viktig; mimikk og gestar – og ikkje minst stemma som eit instrument i seg sjølv. Heller enn overdådige kostyme eller avansert scenografi, kjem det fysiske uttrykket til kvar enkelt skodespelar i fokus. Det er avgjerande at skodespelarane har tillit til at noko oppstår der og då, i det tomme rommet. Kroppen og stemma deira aleine skal bere fram handling og innhald. Gjennom presise rørsler og eit intenst nærvær kan dramakunstens magi skje. Avstanden mellom dei som speler, og dei som ser på, blir oppheva. Dei opplever det same, kjenner det same. I dag er Grotowski-metoden, det såkalla «fattige teateret» verdskjent, og det har avleggarar som Eugenio Barbas Odin-teateret (seinare Nordisk Teaterlaboratorium) i Danmark.
Juni Dahr kom til Teatr Laboratorium i Wroclaw i Polen i 1980.
– Det vart skilsetjande, seier ho og fortel om ein teaterskule for dei sterkaste.
Skodespelarane vart lukka inne i teateret i mange timar for å danse, spele teater og gjere andre fysisk og mentalt særs krevjande øvingar. Berre dei som var sterkast i trua og mest uthaldande, blei verande her. Då Dahr kom attende til Bergen, kjende ho at ho sjølv hadde gått vidare. Ho ville og måtte skape noko eige.
Som andre som har gått «Grotowski-skulen», speler ho ikkje lenger i vanlege teaterhus. Jeanne D’Arc – Visjon gjennom eld var den første av mange eigenproduserte framsyningar. Rundt om i kyrkjer og kyrkjeruinar i heile Noreg og i mange andre land har Juni Dahr vore Jeanne med elden. Framsyninga er basert på originale tekstar og på Jeannes eigne ord frå rettssaka mot henne.
Jeanne d’Arc (1412–1431) var jenta som 17 år gamal stod i spissen for Frankrikes hær i slaget mot engelskmennene i Orléans under Hundreårskrigen. Trass i det store motet hennar og at ho for ei tid gjorde den franske hæren uovervinneleg, vart jenta heile tida mistrudd og hundsa både av eigne landsmenn og av engelskmennene – og aller mest av kyrkja. Ho vart tatt til fange, mishandla og brend på bålet som kjettar. Først i 1920 angra den katolske kyrkja seg og gjorde Jeanne d’Arc til helgen.
I framsyninga speler Dahr sjølv alle roller. Eit kast med hovudet, eit skifte i positur, eit anna stemmeleie – straks har vi ein annan person framfor oss. Slik går ho frå å vere den unge jomfrua til å bli konge, til å bli dommar, for så på ny å vere «Jeanne som føddest då tida var inne», som det heiter i framsyninga. Vi som ser på, trur på Jeanne og på det som hender med henne. Kanskje fordi uttrykket er så udekt og enkelt, kan vi setje det om til våre eigne indre bilete.
Kor mykje førearbeid ei slik form krev for å lukkast, kan vi nok ikkje heilt fatte. Slik seier Juni Dahr det sjølv:
– Eg går inn i eit rom med materiale mitt og ein kunstnarisk idé, ein visjon. Eg tek utgangspunkt i ein skapnad eller ein tekst eller eit bilete, improviserer situasjonar og stemningar. Frå dette skaper eg ei framsyning.
Andre oppsetjingar ho har turnert med i mange land, er Ibsens kvinner og Hedda Gabler, det siste seinast no i vår i Brno i Tsjekkia, i eit gamalt herskapshus. Ho har også spela Et dukkehjem i ei autentisk 1800-tals leilegheit og med plass til høgst 40 publikummarar. Til OL på Lillehammer i 1994 samla ho utvalde skodespelarar og musikarar. I samarbeid med regissør Kristin Olsoni og Riksteateret skapte dei ei stor oppsetjing av Kristin Lavransdatter. I alt har Visjoner Teater, som er Juni Dahrs eige selskap, stått for om lag 30 produksjonar, og med 10 av desse turnerer ho stadig i inn- og utland. No er ho midt i ein prøveperiode med ei framsyning om fangstkvinner på Svalbard; stykket skal ha urpremiere på Taubanesentralen i Longyearbyen i september.
Korleis Grotowskis metode har verka på Juni Dahrs kunstnarverksemd og på heile henne, skjøner eg betre når eg same kveld ser framsyninga som ho og Gard B. Eidsvold har turnert med rundt om på låvar i heile Noreg nesten kvar sommar sidan 2005. Markens Grøde vart først sett opp til opninga av Festspela i Nord-Noreg, og er dramatisert og regissert av Yngve Sundvor. I samband med oppsetjinga den første sommaren, sa Dahr til pressa at dei var på jakt etter låvar til Hamsun. Etter det har bønder over heile Noreg ringt henne og ønskt seg Markens Grøde i sin eigen låve. På kvar stad dei kjem, opplever dei at bygdesamfunn samlast for å få framsyninga i stand. 26.000 personar har sett stykket så langt.
No, under Porsgrunn Internasjonale Teaterfestival, er det Vedtekka på Borgestad som står for tur for Markens Grøde. Vi er 230 publikummarar som sit tett i tett på låge benkar og pallar inne i den store låven. Det er høy på golvet, og det luktar som det skal gjere på låvar. Lufta er fuktig av våte klede og vått hår, for det regnar kraftig i Porsgrunn denne junikvelden. Attpåtil hender det at Juni Dahr i rolla som Inger sprutar vatn på dei som sit fremst. Vi kjem nær elementa og nær soga om Isak og Inger, desse audmjuke menneska som lever i ei tid som sette heilt andre krav til den einskilde enn dei vår tid gjer. Dei materielle goda er knappe. Nøysemd er ikkje eit val, men noko sjølvsagt og naudsynt for desse to som er prisgitt naturens makt og storsamfunnets krav, krav dei ikkje heilt skjøner seg på.
Også i denne framsyninga er det enkle rekvisittar og scenografi: Eit skifte av sko eller hovudplagg gjer at vi går frå eitt miljø til eit anna og frå éin person til ein annan. Også endringane hos dei to karakterane blir skapte med enkle midlar: Når Juni Dahr held ein peikefinger over nase og munn, blir Ingers hareskår så tydeleg at det gjer vondt å sjå på.
Dei rundt 100 minutta vi følgjer Isak og Inger i kjærleik og strid, kjem vi tett på menneskelivet i alt sitt store og alt sitt sårbare. Det er langt frå dystert. Eg har lese Hamsuns roman for lenge sidan og hadde gløymt at boka er så full av humor. Humoren har dei trekt fram til fulle i framsyninga, og vi som ser på, må både le og gråte. Det som hender i låven i Porsgrunn denne kvelden blir sant – ikkje berre framfor auga våre, men også inne i oss sjølve. Når stykket er ferdig, er Juni og Gard drivvåte av sveitte. Vi som har vore med dei i denne stunda, kjenner at alt som har skjedd her er verkeleg.
– Eg går inn i eit rom med materialet mitt
og ein kunstnarisk idé, ein visjon.
Juni Vibeke Dahr
Fødd i 1953 i Oslo.
Utdanna ved Statens Teaterskole. Har også studert ved New York University, Actors Studio i New York og Jerzy Grotowskis Teatr Laboratorium i Wroclaw i Polen.
Var frå 1976 til 1988 fast tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen.
Starta i 1988 sitt eige produksjonsselskap. Gjennom sine mange roller i klassisk dramatikk og eigenproduserte oppsetjingar har ho utvikla korleis kvinner blir framstilt i norsk teater. Jeanne d’Arc – Visjon gjennom eld og Ibsens kvinner er blant produksjonane som har turnert over store delar av verda.
Vart i 2014 æresmedlem i Norsk Skuespillerforbund.