Det stundar mot jul.
Vel, nei, det gjer eigentleg ikkje det heilt enno. Men det er lett å la seg lure i desse tider.
Sidan tidleg i oktober har daglegvarebutikkane vore fulle av påminningar om den kommande høgtida, med julemarsipan og julebrus, julesylte og julepølser. For ikkje å snakke om såkalla «kakemenn», nokre bleike, dvaske figurar som eg grøssar ved tanken på å skulle setje tennene i.
Ikkje misforstå. Eg er svært glad i jula, ikkje minst den kulinariske delen av julefeiringa. Men taiminga må stemme. Ikkje for tidleg, ikkje for seint. Det skal vere akkurat tidsnok til at ein rekk å områ seg, men ikkje går lei mot slutten. Det er dette handelsstanden ikkje har skjønt.
Dottera mi og eg har alltid funne saman i felles moralsk forarging over det kommersielle køyret i månadene før jul. Særleg hissar vi oss opp over den påtrengjande premature framvisinga av marsipanstenger og marsipangriser. Vi har inngått ei pakt med éin klar, ufråvikeleg regel: aldri julemarsipan før 1. desember.
Vi kan ikkje nekte for at vi kastar lengselsfulle blikk mot dei raude posane med freistande griser når vi står i kø til kassa, og kjenner eit svakt sug i magen ved tanken på dei bleikgule kaloribombene. Men vi stålset oss og står imot, og det ville aldri falle oss inn å mistenkje den andre for å smugsmake på godsakene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.