Lita skrift

Julemas

Publisert

Desember kjem med uvanleg mange opplagde born som knapt har føtene i bakken, men hoppar og dansar på skuleveg. Elles i året ser eg elevar som sleper seg mot skulen og ikkje eingong får opp farten når skuleklokka ringjer. Men julemånaden er pynta med forventningar til det som skal kome, ikkje berre i adventskalenderen, men òg på den store dagen, sjølve julaftan.

Adventstida blir gjerne innleidd med å tenne lys i ei utandørs julegran på eit torg og ved institusjonar som barnehagar og aldersheimar, ofte til julesongar frå eit musikkorps.

Vi er ein gjeng som nærmar oss institusjonslivet, som ikkje et kva som helst og ikkje svelgjer kva som helst. Eg ser for meg ei eldre utgåve av ein av oss, som har hamna i rullestol, og som har mist eller slit med taleevna. Etter middag første søndag i advent kjem ein pleiar som snakkar altfor høgt og seier: «No skal vi ut og sjå på julegrantenninga.»

Tenk om han eller ho som sit i rullestolen, ikkje bryr seg om jula og til og med hatar hornmusikk! Like fullt skal vedkomande trillast ut i kulda, tvingast i ein lunka, alkoholfri gløgg og helse det grøne, glitrande treet god dag.

– No skjønar eg at han far meinte alvor då han sa at han ville vere heime åleine på julaftan.

Hjartesukket kjem frå ei dotter som angrar på at ho tvinga faren til å feire jul med born og barneborn. No er ho i same situasjon som faren, men det skjønar ikkje familien. «Ingen skal vere åleine på julaftan», er omkvedet, men det finst ein del eldre som heller vil vere i ro heime med plagene sine enn å bli stuva inn i ein bil som ein annan pakke og frakta milevis av garde med ei forventning om å vere glad kvar julekveld.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement