Smaken er som rauva, delt i to – og frå midten av skroget, der kjem kammartoget. Det er klårt det vert usemje når folk meiner forskjellige ting, men me treng ikkje lage kvalme av den grunn. Eg tykkjer faktisk at folk bør byrje lære seg å respektere andre menneske, og ikkje minst annan manns eigedom.
Hobbyen min er å sitte i rettssak. De skjønar: Eg er definisjonen på dei som har god tid. Eg er nemleg både bonde og pensjonist. No er det nokon som påstår at eg berre er grunneigar, men eg likar i alle fall å kalle meg bonde. De skjønar, eg har lenge kjempa for tradisjonskost, og med oppskrift frå ein lokal kjenning i bunad frå Felleskjøpet, hiv eg støtt i hop nokre lokale råvarer til ein real jordskifterett. Her gjeld det å koke krafta på eige kålhovud.
Me har utbetra ein del her på garden. Ein lyt jo hengje med i tida, og som folk flest har eg Facebook. Der fylgjer eg med i lokalpolitikken, og skriv nokre kommentarar når eg ser det kjem noko frå... til dømes naboen som sit i kommunestyret. No sit ikkje eg i styret sjølv, eg har nemleg nok å styre med, skal eg fylgje med i alt det som skjer. Men eg må seie det at eg har mykje å kome med, det skal ein ikkje seie noko på. For sjølv om eg trivst best i lag med sauane, er eg ikkje akkurat nokon ulv. Eg ropar kanskje ulv om eg ser ein på eigedomen min, men det er mest for å beskytte retten til å jage han ut. Ja, for eg sa vel det, eg driv ikkje lenger med sau!
Nei, no driv jo eg og lurar på å få regulert noko av garden min til hyttetomter. Eg likar jo eigentleg ikkje hyttefolket, eg då. Eg tykkjer nemleg dei er litt kravstore. Dei har jo rett nok betalt for hytta si, og for dei skia dei kjøpte nedi bygda, men dei må ikkje kome her og tru at dei skal få spor på kjøpet. Nei, det lyt dei pinade lage sjølv. Ja, dei lyt lage dei sjølv, men eg seier det: ikkje over eigedomen min. Eg sa jo det, han skal jo byggjast ut!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.