Jordas andedrag endrar segGassutslepp frå smeltande permafrost, gassetande bakteriar og andande planter spelar alle ei rolle når kloten tilpassar seg varmare luft.

Gassutslepp frå smeltande permafrost, gassetande bakteriar og andande planter spelar alle ei rolle når kloten tilpassar seg varmare luft.

Mange bakteriar veit ein særs lite om. Utanfor Longyearbyen har forskarar mellom anna funne metanetande bakteriar i bakken. Dei vil ha innverknad på klimarekneskapet.
Mange bakteriar veit ein særs lite om. Utanfor Longyearbyen har forskarar mellom anna funne metanetande bakteriar i bakken. Dei vil ha innverknad på klimarekneskapet.
Publisert

Medan plenar og åkrar i Sør-Noreg turkar ut og skogar brenn, sit forskarar i Arktis og set saman brikker i det store klimapuslespelet. Ei av dei som puslar, er mikrobiologiprofessor Lise Øvreås ved Universitetet i Bergen og Universitetssenteret på Svalbard. Ho viser fram eit stort, svart, gjørmete sår i bakken like utanfor Longyearbyen. Såret gjorde permafrosten og smeltinga av den synleg for alle.

– Det same skjer med permafrosten i bakken. Når den blir eksponert for varme, vil den smelta og sleppa ut gassar som har vore innkapsla i isen, seier Øvreås.

Gassane metan og CO2 legg seg som eit isolerande lag rundt jordkloten og held på solvarmen. Metan er den kraftigaste av gassane, men den lever ikkje like lenge som CO2.

Andre stader i Arktis måler forskarar store utslepp av metan frå smeltande permafrost. I Adventdalen like utanfor Longyearbyen er det annleis.

– Me finn mest ikkje metan, men til gjengjeld er det ganske høge utslepp av CO2. Det er ein svakare klimagass, men det er veldig mykje av han, seier Øvreås.

Årsaka er mellom anna bakteriar som et metan.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement