Jole-CO2No måndag hadde vi inn sauene på garden, rettare sagt, det var ikkje «vi», sjølv dreiv eg og hengde opp spekekjøt etter saltinga. Nei, det var broderen og kona hans som hadde inn sauene. Det er sjeldan sauene er ute i november, men sidan hausten ha

Publisert

No måndag hadde vi inn sauene på garden, rettare sagt, det var ikkje «vi», sjølv dreiv eg og hengde opp spekekjøt etter saltinga. Nei, det var broderen og kona hans som hadde inn sauene. Det er sjeldan sauene er ute i november, men sidan hausten har vore lang og mild, har vel bror min nytta høvet til å spara litt på vinterfôret, som det er lite av etter turkesumaren.

For min del tykkjer eg at det var for tidleg å ha inn sauene. Det er framleis mildt på Vestlandet, og dessutan sovnar eg mykje lettare til bjølleklangen deira. Så ja, eg vedgår det ope. Liv Finstad hadde meir enn rett: Sauer er ålreite dyr. Men det er det mange år sidan både Raudt og dei fleste andre partia har hevda. Sauer er ikkje lenger ålreite dyr. Sauer er nemleg den store klimasatan sjølv. For, som vi veit: Sauer er drøvtyggarar, og drøvtyggarar lagar metan og bla-bla.

Men no skal du få eit godt argument for sau og kyr og bønder og distrikt: Knapt 20 prosent av folket i Noreg bur i distrikta, altså utanfor byar og store tettstadar. Alle sauene bur utanfor tettstadane. Kvar nordmann slepper i snitt ut om lag 9 tonn CO2. Det vert 9 millionar tonn for distriktsnordmannen. Så kan du leggja til landbruket og all aktiviteten og utsleppa det generer, då er vi oppe i 13–14 millionar tonn. Vidare kan du seia at dei som bur i distrikta, slepper ut litt meir av di dei har større hus og køyrer litt meir. Vi seier at distrikta, sauene, ja, alt i hop, generer eit utslepp på 15 millionar tonn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement