Johan J. Jakobsen (1937–2018)
Johan J. Jakobsen på valvaka til Senterpartiet i 2009.
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix
Med meir enn 30 år som stortingsrepresentant, 12 av dei som partileiar, vart Johan J. Jakobsen ein av dei senterpartipolitikarane som sette merke etter seg. Da dødsmeldinga kom den siste dagen i juni, etter lang tids sjukdom, hadde både partifellane og dei han samarbeidde med over partigrensene, varme minne om den harde, men konstruktive forhandlaren med det breie, hjartevarme smilet og det gode humøret, og den venesæle, rause kollegaen som alltid var til å lita på.
Han graderte òg dei politiske motstandarane sine etter kor pålitelege dei var, og han fekk same gode attesten frå dei aller fleste av dei, frå Kåre Willoch og nedover. At Willoch av og til snakka om problema med det han kalla utgiftspartia, tok Jakobsen med trøndersk sinnsro: Eit samferdselsdepartement kan ikkje drivast utan utgiftspostar.
At eit politisk parti burde ha maktposisjonar som siktepunkt, var eit prinsipp han aldri tapte av syne. Så vart han òg statsråd i to omgangar, først samferdselsminister i Kåre Willochs trepartiregjering frå 1983, seinare kommunalminister under Jan P. Syse i 1989–1990. Dette var og er departement der Senterpartiet kan få utretta noko for sine veljarar og sine distrikt. Slik tenkte han, og etter det handla han. Han hestehandla òg. Det er eit yrke som i nokre hundre år har slite med ryktet sitt. Men på lengre sikt, og i det store spelet, nyttar det lite kor dyktig og lur ein hestehandlar er, om han ikkje samstundes er ordhalden. I så måte er det ei god yrkeserfaring å vera bonde i Namdalen.
Da det bryggja opp til ny EU-strid, kunne heller ikkje Jakobsens vilje og talent som kompromissmakar byggja bru. Det var ein av grunnane til at Johan J. – han vart helst kalla det – tok partiet ut av regjeringa, og til at han sjølv bana veg for Anne Enger Lahnstein til partileiarstillinga. Sjølv vart han parlamentarisk leiar. Og det var med etterfylgjaren at Senterpartiet fekk den store oppturen i 1990-åra.
Det meste av tida på Stortinget var han medlem i utanrikskomiteen. Det gav han ein nøkkelposisjon i norsk politikk som ikkje er mindre viktig fordi han er nokså usynleg på utsida av det politiske nærmiljøet. Han var ingen smålåten mann og hadde heller ingen grunn til det. Men han gav aldri grunnlag for mistankar om at det var seg sjølv han arbeidde for; det er nok av trønderpolitikarar som med flid og maktbrunst har rota det til for seg med slike prioriteringar. Han hadde ein dagsorden der han sjølv ikkje var punkt 1.
Trønderhumoren var ein viktig reiskap i verktykassa hans. Den eine av dei tre bøkene han skreiv, Muntre minner fra ting og torg, har ein svært råkande tittel, og få lo så hjarteleg som Johan J. kvar gong han fortalde historia om den gongen Kjell Magne Bondevik vart forveksla med han på ein flyplass. Dei to unge statsrådane hadde noko ulik festkultur, men likna kvarandre av utsjånad og vart nære vener. Forvekslaren stolpra bort til leiaren i Kristeleg Folkeparti, klappa han på skuldra og sa så det ljoma i avgangshallen: «Nei, kor trivele å sjå dæ ijæn, å takk fer sist! Ja, det vart ei skikkele rotbløyt!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.