Jihadismen lever
Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.
Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.
Foto: Peter Dejong / AP / NTB
– Eit trugselnivå som alt er auka i Europa, blir heva ytterlegare av krisa i Midtausten. Mellom anna er det uro for at aktivisme mot Israel skal gå for langt og føre til valdelege aksjonar, seier forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) Petter Nesser. Han er ein av Noregs fremste ekspertar på internasjonal terrorisme.
Ei uroleg verd med krig i Europa og Midtausten gjer at vi ikkje snakkar så mykje om faren for islamistisk terror i vestlege land. Men det er eit trugsmål som må takast på største alvor av etterretningsorganisasjonane, og mange åtak i europeiske land er avverja.
Dei to globale jihadistrørslene Den islamske staten (IS) og Al Qaida er dei største trugsmåla når det gjeld terrorfare i Vesten. Jihadismen er ei valdeleg retning i islam. Målet er å innføre eit islamsk styresett, kalifatet. IS-kalifatet i Syria og Irak blei nedkjempa i 2018–2019. Men IS er på ingen måte knust. IS og Al Qaida opererer globalt og består av ei rekkje grupper rundt om i verda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.