Jerngrepet på Krim
Fem år etter den russiske annekteringa vågar knapt nokon å ytre seg kritisk på Krimhalvøya, seier menneskerettsaktivist Tatsjana Revjaka.
FEIRING: President Vladimir Putin kom på scena under ein konsert for å feire femårsdagen for annekteringa av Krimhalvøya. Konserten vart halden i byen Simferopol.
Foto: Yuri Kadobnov / Reuters / NTB scanpix
Denne månaden var det eit dystert, lite jubileum: Det er fem år sidan Russland annekterte Krim-halvøya. Det spende forholdet mellom Vesten og Russland varer ved, men vi høyrer lite om livet under russisk styre på Krim. Det er ikkje fordi alle har det bra på halvøya.
– Undertrykkinga på Krim er meir systematisk enn nokon gong sidan annekteringa, seier Tatsjana Revjaka frå Belarusian Human Rights House.
Kviterussiske Revjaka var med i ein delegasjon frå fleire europeiske menneskerettshus som besøkte Krim i fjor haust, og hadde møte med ei rekkje aktivistar på halvøya. Turen danna grunnlaget for rapporten Breaking the Wall of Silence, som Revjaka har kome til Oslo for å snakke om. I åra da Russland hadde eit noko meir liberalt styresett, vart heimlandet hennar Kviterussland ofte kalla Europas siste diktatur. Men Revjaka vart likevel overraska over nivået på undertrykkinga på Krimhalvøya.
– Undertrykkinga er hardare enn ho nokon gong har vore under Lukasjenko i Kviterussland. Det er nesten ingen kritiske røyster att på Krim.
Rapporten frå Human Rights House skildrar eit nær totalitært samfunn. Det skal svært lite opposisjon til før du risikerer fengselsstraff på Krim. For tida skal det vere minst 73 politiske fangar frå halvøya i russiske fengsel, somme på Krim, somme i Russland.
– Om du seier offentleg at Krim ikkje er ein del av Russland, kan du få fleire år i fengsel for separatisme. Folk vågar ikkje å ytre seg, seier Revjaka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.