JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Jerngrepet på Krim

Fem år etter den russiske annekteringa vågar knapt nokon å ytre seg kritisk på Krimhalvøya, seier menneskerettsaktivist Tatsjana Revjaka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FEIRING: President Vladimir Putin kom på scena under ein konsert for å feire femårsdagen for annekteringa av Krimhalvøya. Konserten vart halden i byen Simferopol.

Foto: Yuri Kadobnov / Reuters / NTB scanpix

7669
20190329
7669
20190329

Utanriks

peranders@dagogtid.no

Denne månaden var det eit dystert, lite jubileum: Det er fem år sidan Russland annekterte Krim-halvøya. Det spende forholdet mellom Vesten og Russland varer ved, men vi høyrer lite om livet under russisk styre på Krim. Det er ikkje fordi alle har det bra på halvøya.

– Undertrykkinga på Krim er meir systematisk enn nokon gong sidan annekteringa, seier Tatsjana Revjaka frå Belarusian Human Rights House.

Kviterussiske Revjaka var med i ein delegasjon frå fleire europeiske menneskerettshus som besøkte Krim i fjor haust, og hadde møte med ei rekkje aktivistar på halvøya. Turen danna grunnlaget for rapporten Breaking the Wall of Silence, som Revjaka har kome til Oslo for å snakke om. I åra da Russland hadde eit noko meir liberalt styresett, vart heimlandet hennar Kviterussland ofte kalla Europas siste diktatur. Men Revjaka vart likevel overraska over nivået på undertrykkinga på Krimhalvøya.

– Undertrykkinga er hardare enn ho nokon gong har vore under Lukasjenko i Kviterussland. Det er nesten ingen kritiske røyster att på Krim.

Rapporten frå Human Rights House skildrar eit nær totalitært samfunn. Det skal svært lite opposisjon til før du risikerer fengselsstraff på Krim. For tida skal det vere minst 73 politiske fangar frå halvøya i russiske fengsel, somme på Krim, somme i Russland.

– Om du seier offentleg at Krim ikkje er ein del av Russland, kan du få fleire år i fengsel for separatisme. Folk vågar ikkje å ytre seg, seier Revjaka.

Forsvinningar

Frykta er godt grunngjeven: Den som protesterer, risikerer meir enn fengsel. Etter den russiske annekteringa har det vore ei rekkje såkalla forsvinningar på halvøya. Folk som har protestert mot russarane, har blitt sporlaust borte, og dei fleste av dei forsvunne er frå tatarminoriteten. I fleire av høva har vitne fortalt at offeret vart kidnappa av russiskvenlege militsar. Ein av desse var tataren Reshat Ametov, som demonstrerte fredeleg mot annekteringa utanfor ei offentleg bygning i Simferopol i mars 2014. Vitne fortalde at han vart teken av tre menn i uniformane til ein lokal milits. Ametov vart funnen død tolv dagar seinare med tydelege merke etter mishandling. Saka er uoppklart. I følgje Crimean Human Rights Group er det framleis 15 forsvunne som ikkje har kome til rette på Krim.

Undertrykkinga råkar tatarane særleg hardt, syner rapporten til menneskerettshusa. Tatarane utgjorde ein femtedel av befolkninga på Krim inntil Stalin deporterte nesten heile folket til Sentral-Asia i 1944, og dei overlevande og etterkomarane deira fekk ikkje kome attende før i 1989. I dag utgjer tatarane kring tolv prosent av befolkninga på Krim. Da Krim var ein del av Ukraina, hadde dei ein viss grad av sjølvstyre og eit folkevald politisk råd kalla Mejlis.

– Russarane har gjort Mejlis ulovleg og hevdar at dette er ein ekstremistisk organisasjon. Det er forbode å nemne Mejlis offentleg på Krim, om ein omtaler det som noko anna enn ein terroristorganisasjon, seier Revjaka.

– Russarane brukar gjerne terrorlovene mot tatarar som er kritiske til det russiske styret, og skuldar dei for islamistisk terrorisme.

Sensur

Rapporten Breaking the Wall of Silence syner at kontrollen med media gjer det svært vanskeleg å formidle andre nyhende frå Krim enn dei russarane vil ha.

– Det finst i praksis ikkje uavhengige medium på Krim lenger. Etter at russarane tok over, måtte alle massemedia registrere seg på nytt for å få løyve, og berre dei som støttar Russland, vart godtekne. Det har vore fleire hundre rettssaker mot journalistar sidan 2014, og somme har blitt utsette for valdelege åtak. Og svært få utanlandske journalistar kjem til Krim. Hovudkjelda til uavhengig informasjon no er borgarjournalistar og bloggarar som rapporterer på internettet, seier Revjaka.

Den politiske sensuren råkar ikkje berre dei som er kritiske til det russiske styret, fortel ho.

– Det har til og med vore saker mot russarar på Krim som støttar okkupasjonen, fordi dei har kritisert offentleg korrupsjon i media.

Nøgde russarar

Det høyrer med til soga om at annnekteringa av Krim etter alt å døme har brei støtte i den russiske majoritetsbefolkninga på halvøya. Dette er ikkje berre den russiske versjonen: Fleire meiningsmålingar utførde av vestlege byrå dei siste fem åra stadfestar inntrykket. I 2001 utgjorde etniske russarar kring 60 prosent av dei 2,4 millionane som budde på Krim, medan dei etniske ukrainarane var 24 prosent.

Og den nøgde majoriteten aukar truleg som andel av befolkninga, for det har skjedd store demografiske endringar på Krim sidan annekteringa, fortel ukrainske Tetjana Petsjontsjyk. Ho er journalist og menneskerettsaktivist, basert i Kiev, og var med på å arrangere Krim-reisa til delegasjonen frå menneskerettshusa.

– Det finst ikkje sikre tal, men truleg er kring 50.000 ukrainarar fordrivne frå Krim til andre delar av Ukraina sidan 2014. Samtidig flyttar mange russarar inn. Dette endrar demografien. Russarane investerer mykje på Krim, dei bygger vegar og annan infrastruktur, og dei stimulerer folk til flytte dit frå andre delar av Russland, seier Petsjontsjyk.

I følgje offisielle russiske tal, attgjevne av Radio Free Europe, har kring 250.000 russarar flytta til Krim sidan 2014. I fjor anslo ukrainske styresmakter at så mange som 140.000 ukrainarar og tatarar har flytta frå halvøya til det ukrainske fastlandet sidan annekteringa.

Stør sanksjonane

Krim blir altså stadig meir russisk. Trass i fem år med vestlege sanksjonar er det ingenting som tyder på at Russland kjem til å gje opp Krim-halvøya. Og med tida har det kome fleire røyster også i Noreg, både på høgre- og venstresida, som meiner at realpolitiske omsyn tilseier at Vesten bør normalisere forholdet til Russland. Det er det ikkje grunn til, meiner Tetjana Petsjontsjyk.

– Eg trur det vil vere feil å heve sanksjonane, det vil vere å oppmuntre til militær aggresjon. FN-systemet skal garantere territorielle integriteten til statar. Leiarane i Russland forstår ikkje menneskerettserklæringar, men dei forstår sanksjonar.

Petsjontsjyk understrekar at sanksjonane bør vere målretta mot dei som er ansvarlege for brot på folkeretten, og i minst mogleg grad påverke folk flest.

– Individuelle og målretta sanksjonar er meir effektive enn breie økonomiske sanksjonar. Men å eliminere alle sanksjonar no ville vere å devaluere dei menneska som lir under russisk okkupasjon. Kvifor fjerne sanksjonane så lenge brotsverka held fram?

– Men i praksis har truleg dei fleste på Krim erkjent at Russland aldri kjem til å gje frå seg halvøya att?

– Det er ulike syn på dette på Krim, seier Revkjaka.

– Mange støttar annekteringa fullt ut. Somme av desse er skuffa med livet under russisk styre, andre er nøgde. Og somme held på håpet om å bli del av Ukraina att. Men om prosessen med utskiftinga av folket held fram, døyr håpet om at Krim kan førast attende til Ukraina.

Dei siste nyhenda frå halvøya gjev liten grunn til optimisme av noko slag. Sist onsdag, nokre dagar etter møtet med Revjaka og Petsjontsjyk kjem ei nyhendemelding frå Krim: Agentar frå den russiske etterretningstenesta FSB har gjort raid mot 27 heimar på Krim. Minst 20 tatarar har blitt tekne med til FSB-kontora i Simferopol, og er visstnok skulda for terrorisme. Dette skal vere den største politisk motiverte politiaksjonen på Krim sidan annekteringa i 2014, skriv Helsingforskomiteen i ei pressemelding.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Å eliminere alle sanksjonar no ville vere å devaluere dei som lir under russisk okkupasjon.

Tatsjana Revjaka,
Human Rights House

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis