Lita skrift

Jålegeit

Publisert

For nokre år sidan sat eg i eit flysete og glana på dei andre passasjerane som kom om bord og fann plassane sine. Eg la merke til eit par som skilde seg ut. Dei såg ut som om dei var tekne rett ut av ein motekatalog: høge, slanke, biletskjønne (for eit ord!), velkledde, med blankpussa skor, lêrvesker, diskré sminke og alle hårstrå liggjande på rett plass.

Truleg gjekk dei i dyre merkeklede, men det var ikkje berre kleda som skapte folket, det var noko meir. Stil? Klasse? Rikdom? Det måtte iallfall koste både tid, krefter og pengar.

Ser dei slik ut heime òg? Får dei aldri flekker på kleda? Har dei ingen nuppete genserar?

Elegansen varte gjennom ei lang reise. At dei kunne ha noko slikt som perspirasjon og flatulens i bagasjen, var uråd å tenkje seg.

Eg kjende meg som ein potetsekk der eg sat, med rukkete frakk, inntørka søylesprut på støvlettane og håret i alle retningar.

Det hender eg prøver å kome meg ut av kvardagskleda, å gå i noko anna enn den svarte kamuflasjen. Dei gongene eg har prøvt å kle meg spenstigare eller meir fargerikt, har følgjande spørsmål raskt dotte ned i hovudet på meg: Ser eg ut som om eg trur eg er noko no? Kan nokon meine at eg har kledd meg ut? Er eg overpynta eller til og med jålete?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement