Jahn Otto Johansen 1934–2018
Jahn Otto Johansen då han lanserte boka om livet til sigøynarane i 1996.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Kampglad, arbeidsglad, matglad, festglad og sjølvglad. Dei som hadde kondisjon til å dyrka venskap med Jahn Otto Johansen, risikerte ikkje keisemd eller eit einsformig liv.
Han gav sine næraste, og den store veneflokken, ein vond start på det nye året ved at han gjekk bort 1. januar. Sjølv trudde han aldri at han skulle nå 83 års alder; han hadde ei spesiell form for dødsangst. Slikt heldt han ikkje vaken om nettene, men gav seg det utslaget at han feira 40-årsdagen sin i 1974 som 50-årsdag. For ikkje hadde han rekna med å verta 50 heller.
40-årslaget, i eit digert misjonstelt i hagen hans ein heller kald vårkveld på Ås, har nedfelt seg over eit halvsides referat i det eine memoarbindet som Gro Harlem Brundtland har etterlate til komande generasjonar. Frå meg ville han ha ei nidvise,den var han stornøgd med fordi ho handla om han sjølv og var så måteleg pøbelaktig.
Men bak festmaska og faktene var det eit alvorsmenneske som ikkje kasta bort tida på timeskriving, og som ville noko med journalistikken sin. Han ville fortelja korleis vanlege menneske levde, og det gjorde han best ved å la dei koma til orde. Han måtte intervjua politikarar og referera pressekonferansar, han òg, men det gav han inga kjensle av at jobben var gjord.
Han kunne vera nådelaust beisk mot folk som lefla for undertrykkjarar og diktatorar, og han nøydde seg ikkje med det negative. Han vart ein forkjempar for folkegrupper som hadde lide, og dei siste åra skreiv han bøker om folkemordet på armenarane under den første verdskrigen, utryddinga av sigøynarane, som dei framleis heitte, under den andre verdskrigen, og om antisemittismen. I alt vart det eit sekstital bøker. Ikkje alle var like solide; som kjent er det berre dei middelmåtige som alltid er på sitt beste.
Uthaldande var han til det siste. Da helsa svikta hausten 2016, og det så grundig at han fekk dei siste katolske sakramenta, trudde ingen av oss at han kunne koma seg på føtene att. Men det gjorde han – i det minste på rullatoren heime, og han gav ut to bøker i 2017, ei om ein vidløftig farfar som var skipskaptein på norskekysten, og ei om ei fargerik farmor, Marie.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.