Jag etter vind
Vindkraft til havs kan gje meir straum og færre konfliktar enn vindkraft på land. Spørsmålet er kor mykje vi vil betale for krafta frå havet.
Vindturbinar i sjøen utanfor Esbjerg i Danmark, 2002. Danmark har vore av dei leiande landa i utviklinga av vindkraft, og selskapet Ørsted er i dag verdsleiande på havvind. Foto: Heribert Proepper / AP / NTB scanpix
Heribert Proeppe
Perspektivet vårt avheng av kor i verda vi står, det gjeld òg i energispørsmål. I norsk samanheng er ikkje vindkraft meir enn eit lite supplement til vasskrafta – og spør du vindkraftmotstandarane, er det eit supplement som Noreg slett ikkje treng. Men i mange andre europeiske land er vind no ein viktig del av straumforsyninga. I fjor kom 14 prosent av straumen i EU frå vindkraft, ifølgje organisasjonen Wind Europe. I løpet av 2019 er det venta at vind kjem til å passere naturgass og bli energikjelda med størst installert effekt i Europa, skreiv bladet Energi i april.
Og så er det havvinden, da. I det norske ordskiftet kan det verke som om vindkraft til havs er science fiction, noko som kanskje kan spele ei rolle i straumforsyninga ein gong i framtida. Men fleire europeiske land har satsa store pengar på havvind. Ved siste årsskifte var det til saman 4543 vindturbinar i havet i Europa, ifølgje Wind Europe. I fjor vart det installert vindturbinar i europeiske farvatn med ein samla effekt på 2,6 gigawatt (GW) – ein kapasitetsauke på 18 prosent frå året før. Nesten ein fjerdedel av den nye vindkrafta i Europa i fjor kom til havs.
Framleis utgjer havvinden ein svært liten del av den europeiske kraftforsyninga. Men det kan endre seg. For havet er stort, på land er det trongt, og fleire EU-land har sett seg høge mål for satsinga si på offshorevindkraft.
Dei to store
Til no er det Storbritannia og Tyskland som har leidd an i havvindsatsinga, og dei to landa har til saman to tredjedelar av alle offshorevindturbinane i verda. Dei to største vindparkane i Europa ligg båe i havet utanfor Storbritannia: Walney Extension i Irskesjøen har ein kapasitet på 659 megawatt (MW), og London Array utanfor munningen av Themsen har ein kapasitet 630 MW. Til samanlikning har den nyopna vindparken i Roan, Noregs største, ein installert effekt på 256 MW.
Men dette er berre starten på dei britiske ambisjonane for havvind. I fjor fekk Storbritannia 17 prosent av straumen sin frå vindkraft, og 40 prosent av dette kom frå anlegg i havet. Regjeringa har som mål at Storbritannia skal få ein tredjedel av all straumen sin frå vindparkar til sjøs innan 2030, melde Reuters i mars i år, og den samla installerte effekten til britisk havvind skal aukast frå 8 gigawatt i dag til 30 GW i 2030.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.