Sideblikk
Ja, nå er også eg på veg til hytta
Sushien på Geilo er dobbel tapt ære for stats- og detaljminister Erna Solberg (60).
Statsminister Erna Solberg vart tatt med munnbindet nede.
Foto: Ints Kalnins / NTB
Det er ikkje alltid lett å skilja mellom bør og skal. Det er vanskeleg å halda styr på kva som er innforbi regelverk og avstandsgrenser, og det er forvirrande å sortera mellom anbefalingar, råd, reglar, pålegg, rundskriv, forskrift og lov.
Og det er uklart kva det fører med seg dersom ein ikkje klarer det, men umedvite handlar i strid med viljen til helsestyresmaktene. For ikkje å snakka om dersom ein gjer det medvite – eller burde ha visst.
JO FLEIRE DETALJERTE, geografisk differensierte og tidsavgrensa meldingar frå ulike kokkar, jo meir søl. Det blir raskt for mykje når alle instansar skal med og matar ut informasjon med teskei på supplerande, ikkje-koordinerte og konkurrerande heimesider. Stadig fleire tvilstilfelle gir somme dårlig samvit og andre egosentrisk manøvreringsrom.
Det gjeld å skilja mellom grunnleggande varsemd og spesifiserte detaljar. Noko av det mest realistiske som er sagt om dette, er det ufrivillige gullkornet frå ein stressa og pressa helsedirektør med tom verktøykasse: «Ikke vær så opptatt av disse reglene, for de kan endre seg raskt.» Det gir oss eit vindauge for å sleppa å setta oss inn i alle detaljar, men bruka sunn sans og dømmekraft til å tolka og tenka sjølv.
FOR STATSMINISTERen, som også er detaljminister med elefantminne, er dette eit nederlag. Ho har eksellert med meterstokk og gjestetal og sett si ære i å ha fullstendig oversikt og innsikt. Eit av hennar store bidrag var å haussa opp og finansiera naudrespiratorane som ein profesjonell Petter Smart kom opp med, men som ikkje er tatt i bruk her i landet. Nå vil helse- og klemmeminister Bent Høie gje dei bort til utlandet, som også kan lesast u-land, men har ikkje funne nokon som vil ha dei.
Etter 60-årsfeiringa på Geilo kunne stats- og detaljministeren hatt bruk for ein naudrespirator. Ho har beklaga og er lei seg og vonar at alle andre vil passa betre på. Ho brukte akkurat dei orda, for ho ville ikkje ha gjort det om att på same måte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.