– Israel er blitt sterkt. Med det følgjer ansvar.

KIBBUTZ YIRON: Ada Sireni-Feinberg var med på stiftinga av Israel, og som ung verva ho seg i undergrunnsrørsla Palmach. Geir Olav Jørgensen møter Ada Sireni-Feinberg for å høyre meiningane hennar om situasjonen i landet.

Ada Sireni-Feinberg bur i kibbutzen Yiron.
Ada Sireni-Feinberg bur i kibbutzen Yiron.
Publisert

– Ada Sireni-Feinberg, kva tankar gjer du deg om livet i Israel?

Som 88-åring har eg lov å sjå tilbake på livet. Eg forstår ikkje kor det blei av tida. For det meste sit eg her i stolen, men heldigvis får eg enno bu heime. Eg ramla og skada hofta, og det har redusert meg. Eg, som alltid har vore uavhengig! Det er ikkje godt å vere avhengig av hjelp frå andre menneske.

I 70 år har eg budd i denne kibbutzen. I 1949 blei han etablert, og han ligg heilt på grensa til Libanon. Husa som du ser i skråninga på andre sida av gjerdet, høyrer til nabolandet. Eg var med på stiftinga, eg var ei av mødrene, så å seie. Dette er heimen min, men eg vaks opp i Italia. Dei første åra budde vi i Roma. Mor var israelar, fødd i dette landet før staten blei oppretta, «Palestina», som det heitte i dei dagar, under det britiske mandatet. Då ho reiste for å studere biologi ved Universitet i Roma, møtte ho far min, som var italienar. Ho var 18 år. Så snart ho var ferdig med utdanninga, gifta dei seg. Men då eg var ti månadar gamal, døydde far. Då same året hadde han fylt 31 år. Mor var 25 år og sat aleine igjen med barnet, men ho fekk god hjelp av familien hans. Etter ei stund valde ho likevel å vende tilbake til Palestina. Slekta på denne sida var religiøse jødar, men av det liberale slaget. På den italienske sida var dei bourgeoisie, borgarklasse, men av det gode slaget. Dei var ikkje snobbar, for å seie det slik.

I 1934 vende vi tilbake til Palestina, medan eg enno var ei lita jente. Vi blei buande i Tel Aviv fram til eg var 18 år, eg studerte der. Men den italienske sida av familien hadde påverka meg. Eg heldt fram med å reise til Italia, eg veksla mellom to land. Italia er den andre heimen min.

Eg hadde ein god barndom i Tel Aviv. Då eg var ferdig med skulen, blei eg med i ei slags speidargruppe for ungdom, og vi bestemte oss for å stifte ein ny kibbutz. Merk deg at dette var i 1947, før staten Israel hadde blitt fødd. Det fanst ei sivilteneste i dei dagar, sjølv om vi ikkje hadde eit eige land enno, og det blei forventa at unge jødar skulle ta del. Jentene måtte tenestegjere i kibbutz, og gutane måtte tenestegjere i ein politistyrke som britane kontrollerte. Men dei av oss som hadde større ambisjonar enn dette, søkte seg til Palmach.

Palmach var ein styrke som opererte under grunnen. Vi hadde jo ikkje offisielle militærstyrkar i 1947. Ideologien til Palmach høyrde til på venstresida. Medlemene trena og budde i kibbutzmiljø. Eg veit at Palmach blir sett på som ein kontroversiell styrke i utlandet. I Israel ser biletet annleis ut. Palmach stod bak ulike aksjonar, både mot britane og palestinarane, og eg veit at dei drap mange menneske. Men hugs at det var krigstid då eg var med. Vi sto andlet til andlet med ein fiende som ønskte å drepe oss. Då krigen først hadde brote ut, var det snakk om å overleve.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement