Islandsk imperialisme
Korrupsjonsmistenkte Samherji, som skal ha nytta DNB til å sluse pengar til skatteparadis, er ein storspelar i global fiskeindustri.
Samherji styrer ein stor trålarflåte som opererer under fleire ulike flagg. Biletet viser «Kaldbakur», som vart levert frå Cemre-verftet i Tyrkia i 2017.
Foto: Cemre Shipyard
Det islandske selskapet Samherji er skulda for å ha betalt store pengar under bordet for fiskerettar i Namibia. DNB skal ha overført 640 millionar kroner for Samherji til skatteparadiset Marshalløyane, pengar som kan ha blitt brukt til muting. To namibiske statsrådar er sparka, toppsjef Thorsteinn Már Baldvinsson i Samherji er suspendert, og DNB skal granske si eiga rolle i skandalen.
Gunnar Grytås er journalist og forfattar og har mellom anna skrive boka Kvotebaronar om fiskeripolitikk.
– Kva slag selskap er eigentleg Samherji, som starta dette rabalderet?
– Det er eit fiskeriselskap som er langt mektigare på Island enn til dømes Kjell Inge Røkke og Aker var i dei norske fiskeria. Samherji er eit av dei største fiskerikonserna i Europa, med aktivitet i ei rekkje europeiske land, og ein av dei store aktørane på kjøp og sal av fiskerettar i verda. På Island er bindingane mellom finans og fiskeri mykje tettare enn i Noreg. Samherji-sjef Thorsteinn Már Baldvinsson var styreleiar i Glitnir da finanskrisa braut ut. Om Samherji har brukt DNB til kvitvasking, kan det tyde på at bankane på Island omsider blir betre overvakt – både heime og ute.
– Samherji har vore store i fiskeria i Namibia?
– Namibia er noko av eit unnatak i Afrika, fordi landet klarte å få ganske bra kontroll med forvaltinga av fiskeria. Noreg gav bistand til oppbygginga av både fiskeriforvaltinga og kystvakta i Namibia i 1990-åra. Elles var normalen i Afrika at europeiske land kjøpte fiskerettar på billigsal, ein praksis som har fått mykje kritikk. Namibia fekk betre kontroll med ressursane sine, og såg ut til å kunne bli ein vellukka fiskerinasjon. Men no ser det ut som korrupsjonen har kome inn der òg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.