JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Islandsk imperialisme

Korrupsjonsmistenkte Samherji, som skal ha nytta DNB til å sluse pengar til skatteparadis, er ein storspelar i global fiskeindustri.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Samherji styrer ein stor trålarflåte som opererer under fleire ulike flagg. Biletet viser «Kaldbakur», som vart levert frå Cemre-verftet i Tyrkia i 2017.

Foto: Cemre Shipyard

4941
20191122

Samtalen

Gunnar Grytås

Forfattar og journalist

Aktuell

Korrupsjon i fiskeria

4941
20191122

Samtalen

Gunnar Grytås

Forfattar og journalist

Aktuell

Korrupsjon i fiskeria

peranders@dagogtid.no

Det islandske selskapet Samherji er skulda for å ha betalt store pengar under bordet for fiskerettar i Namibia. DNB skal ha overført 640 millionar kroner for Samherji til skatteparadiset Marshalløyane, pengar som kan ha blitt brukt til muting. To namibiske statsrådar er sparka, toppsjef Thorsteinn Már Baldvinsson i Samherji er suspendert, og DNB skal granske si eiga rolle i skandalen.

Gunnar Grytås er journalist og forfattar og har mellom anna skrive boka Kvotebaronar om fiskeripolitikk.

– Kva slag selskap er eigentleg Samherji, som starta dette rabalderet?

– Det er eit fiskeriselskap som er langt mektigare på Island enn til dømes Kjell Inge Røkke og Aker var i dei norske fiskeria. Samherji er eit av dei største fiskerikonserna i Europa, med aktivitet i ei rekkje europeiske land, og ein av dei store aktørane på kjøp og sal av fiskerettar i verda. På Island er bindingane mellom finans og fiskeri mykje tettare enn i Noreg. Samherji-sjef Thorsteinn Már Baldvinsson var styreleiar i Glitnir da finanskrisa braut ut. Om Samherji har brukt DNB til kvitvasking, kan det tyde på at bankane på Island omsider blir betre overvakt – både heime og ute.

– Samherji har vore store i fiskeria i Namibia?

– Namibia er noko av eit unnatak i Afrika, fordi landet klarte å få ganske bra kontroll med forvaltinga av fiskeria. Noreg gav bistand til oppbygginga av både fiskeriforvaltinga og kystvakta i Namibia i 1990-åra. Elles var normalen i Afrika at europeiske land kjøpte fiskerettar på billigsal, ein praksis som har fått mykje kritikk. Namibia fekk betre kontroll med ressursane sine, og såg ut til å kunne bli ein vellukka fiskerinasjon. Men no ser det ut som korrupsjonen har kome inn der òg.

– Det er lang historie for at vestlege reiarlag mutar afrikanske politikarar for å få tak i fiskekvotar?

– Ja. Og vi skal hugse at i norsk næringsliv var utgifter til å «kjøpe seg inn i utlandet» grunnlag for skattefrådrag fram til 1995. I Noreg vart det ikkje straffbart å bestikke utanlandske tenestemenn før i 1999.

– Internasjonal fiskeindustri er spesielt utsett for korrupsjon, sa Eva Joly nyleg til Fiskeribladet. Har du same inntrykk?

– Eg veit ikkje om fiskerinæringa er meir utsett enn andre bransjar. Men investeringar i fiskekvotar kan gje stor profitt. For nokre år sidan tok Verdsbanken til orde for eit internasjonalt regelverk for handel med «fiskeritenester», og her var det først og fremst fiskekvotar og fiskerettar dei sikta til. Banken meinte internasjonal kvotehandel kunne vere like lønsamt som omsetning av fangstane. Etter kvart som den nasjonale kvotehandelen stongar i taket, veks behovet for ein global marknad.

– Det er ein historisk ironi her: Islandske fiskarar kjempa heroisk mot britiske trålarar i torskekrigane i 70-åra. No driv islandske reiarlag med trålimperialisme andre stader i verda.

– På 1970-talet forsvarte islendingane eigne fiskeressursar og fiskerigrense med våpenmakt. No undergrev dei ressursforvaltninga i andre land med pengemakt. Og det skjer ikkje berre under islandsk flagg. Samherji er posisjonert i andre selskap i ei rekkje EU-land og har òg makt over fiskeripolitikken til EU.

– Samherji er òg ein mektig aktør i islandsk politikk?

– Det er vanskeleg for politikarane å rokke ved posisjonen til Samherji på Island. Sidan finanskrisa i 2008 har fleire islandske regjeringar prøvd å ta attende kontrollen med fiskeressursane frå private hender, men dei fekk det ikkje til. Om dei skulle ta attende fiskekvotane, ville bankane ryke overende på nytt, fordi så mykje pant er bunde opp i kvotane.

– «Samherji gjer kva som helst for å få tak i andre lands naturressursar», har varslar Jóhannes Stefánsson sagt. Det gjeld truleg ikkje berre Samherji?

– Dette er ikkje uvanleg i fiskerinæringa. Før vi fekk havretten og dei økonomiske sonene var det store fjernfiskeflåtar som jakta ressursane på alle hav. Utanlandsinvesteringar i fiskerettar er framleis lukrativt mange stader, og det har vist seg svært vanskeleg å krevje inn noko av ressursrenta i form av skatt.

– Samherji er òg storeigar i det norske Nergård-konsernet, som er nest størst på kvitfisk i Noreg. Nergård har fått kritikk for å erstatte norske arbeidsfolk med austeuropearar på korttidskontrakt. Men det er ikkje noko uvanleg i denne bransjen?

– Det er svært utbreidd. Alt i 2011 utgjorde utlendingar kring 30 prosent av arbeidsstokken i fiskeindustrien på land i Noreg, og det har vore mange tilfelle av sosial dumping. Norsk fiskeindustri har gjort seg avhengig av billig og fleksibel importert arbeidskraft. Fiskeflåten heng litt etter, men det kjem nok her også.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er vanskeleg for politikarane å rokke ved posisjonen til Samherji
på Island.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis