Isbjørn eller menneske?
Stadig fleire isbjørnar kjem nær busetnadene på Svalbard. Det vil skape problem for norske styresmakter. Kven veg tyngst, isbjørn eller menneske?
Tre bjørnar kjem mot oss. Dei er om lag 50 meter unna. Eg tek tak i dei små barnehendene og går sakte vekk frå dei. Mannen min tek fram signalpistolen, ladar han med raudt og går mot bjørnefamilien. Heldigvis lèt dei seg skremme lett denne gongen. Me er i isbjørnens rike, me må vike, det ligg i ryggmergen. Men møte mellom bjørn og menneske er eit stadig vanlegare scenario ved busetnadene på Svalbard. Framover vil det skape trøbbel. Kven skal styresmaktene ta mest omsyn til, menneska eller isbjørnane?
Tilbake etter jakta
Etter eit hundreår med jakt var isbjørnane så godt som skotne bort frå Vest-Spitsbergen og busetnadene her då fredinga vart vedteken i 1973. Å møte isbjørn i Isfjorden, i nærleiken av Longyearbyen, var særs sjeldan. Sidan då har heldigvis talet på bjørnar stige. Barentshavspopulasjonen har teke seg opp, men nøyaktig kor mange bjørnar det er her, kan ikkje forskarane seie. Talet Norsk Polarinstitutt gir, er mellom 1900 og 3600. Forsking viser at ei binne oftast nyttar dei same områda som mor si. Det kan ta generasjonar frå bjørn er fjerna frå eit område, til dei vender tilbake. No, fire isbjørngenerasjonar etter fredinga, tek bjørnane Vest-Spitsbergen tilbake.
Jakta er over, men det arktiske rovdyret har fått nye utfordringar, nemleg klimaendringane. Det hastar med å stoppa oppvarminga av kloden, viser rapporten som FNs klimapanel kom med i førre veke. Elles vil isen bokstaveleg talt smelte under potane på bamsane. I den norske handlingsplanen for isbjørn, frå 2013, står det at isbjørnen er det fremste klimaikonet vårt og truleg den dyrearten i verda som har størst potensial for a° synleggjera alvoret i klimaendringane.
Samstundes er det ønskt norsk politikk at det skal vere norsk familiebusetnad i Longyearbyen og eit forskarsamfunn i Ny-Ålesund. Turisme er ei av næringane det skal satsast på, og fleire skal ut på tur i Isfjorden og nærområda til Longyearbyen. Det fører til fleire møte mellom menneske og bjørn, som kan vera livsfarlege for begge, utan at det verkar som styresmaktene har ein strategi for å løyse dette. I den same handlingsplanen blir det berre vist til ein database for møte mellom isbjørn og menneske. Den blir laga for å få oversikt over kva som skaper farlege situasjonar, og kan nyttast som grunnlag for retningslinjer. No er det på høg tid å få slike på plass.
Aldri vore fleire
I 2014 traska ei binne med to ungar gjennom ei bustadgate i sentrum av Longyearbyen. Det har vore bjørn på hotellbesøk i russiske Pyramiden og i Isfjord radio. Det blir stadig gjort innbrot i hytter, og ein lokal dagsturbåt kryssa i sommar av for 60 isbjørnobservasjonar på tre veker. Fred Skancke Hansen er tryggleiksansvarleg ved Universitetssenteret på Svalbard. Han har budd i Longyearbyen i 22 år, og aldri sett så mykje bjørn i Isfjorden som no.
– Dette er eit aukande problem. Bjørnane i Isfjorden er helt klart blitt vande med folk. Nye retningslinjer og prosedyrar må på plass. Kor nær skal isbjørnen få komme? Kva gjer me når han er nær? Eg har sjølv hytte på Vindodden, og vi opplever stadig at det er bjørn der, uttalte han i Svalbardposten i slutten av førre månad.
Det blir brukt store ressursar på bjørnar som kjem nære busetnader. Dei vert jaga bort, eller leia, som Sysselmannen liker å kalle det, av helikopter. Om ikkje det har hjelpt, har det hendt at bamsen er blitt bedøvd og frakta langt vekk med helikopter.
I slutten av september sende gruveselskapet Kings Bay i Ny-Ålesund brev til Sysselmannen der dei ber etaten gjere nettopp dette, frakte bort ein problembjørn. Det dei meiner må vere same bjørn, har lært seg å gå inn i hytter, og det kjem han til å halde fram med same kor mykje dei reparerer. Her kan det raskt bli ein situasjon med fare for bjørne- og menneskeliv. Vidare viser dei til at innbrota har skjedd særs tett på byen, og at når isbjørnen har blitt vand med menneskelege bygningar og lukter, kan han fort kome til Ny-Ålesund.
Sysselmannen svarer at bedøving og flytting er ei påkjenning og ein risiko for bjørn. Det er høg terskel for å nytte dette verkemiddelet, og dei gjer det berre om isbjørnen oppsøker busetnader trass i gjentatt jaging. I tillegg er det alltid ein risiko for at bjørnen likevel kjem tilbake. I denne saka har Sysselmannen søkt fagleg råd frå Norsk Polarinstitutt. Dei opplyser at dette truleg er ei binne som vil gå nordover i hi om ein månads tid. Derfor vil ikkje Sysselmannen frakte ho bort.
På tide å handle
Binna som gjekk laus på hytter i Ny-Ålesund, kan fort bli til tre innbrotsbjørnar dersom ho no går i hi og får ungar. Det same gjeld «problembinner» med tilhald i Isfjorden.
Saman med Canada, Danmark, USA og Russland har me forplikta oss å verne leveområda til isbjørnen, gjennom isbjørnavtalen som vart underteikna i 1973. På Svalbard er isbjørnen freda, men i område der det er lang tradisjon for isbjørnfangst, og for nokre lokale folkegrupper, er det framleis lov å felle dei. I Canada og Alaska og på Grønland vert det skote om lag 700 isbjørn årleg, ifølgje Polarinstituttet. Svalbardmiljøloven opnar òg for unntak frå fredinga. Sysselmannen kan gi lov til å avlive dyr som tek opphald ved busetnader, og som kan føre til skade på person eller stor materiell skade.
Det må framleis vere særs høg terskel for å forstyrre og skyte bjørn på Svalbard, men i nærleiken av busetnader er det på tide å gjere det mindre attraktivt å vere bamse. Ei kontrollert flytting langt bort med helikopter, og avliving av dyr som likevel vender tilbake, er betre enn alternativet: bjørnar som blir skotne i naudverje.
Line Nagell Ylvisåker er
frilansjournalist.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I nærleiken av busetnader er det på tide å gjere det mindre attraktivt å vere bamse.
Fleire artiklar
Sveinung Rotevatn (V), som ser opp, talte ikkje under behandlinga av den nye abortlova 3. desember. Den som gjekk fram til talarstolen flest gonger, var Marian Hussein (SV).
Foto: Thomas Fure / AP / NTB
Mors liv i salen
Debatten vi fekk høyre då den nye abortlova blei behandla tysdag, strekte seg frå 10.00 til 14.30, frå 1915 til framtida og frå fosteret til den store verda.
President Joe Biden (f. 1942) og statsminister Jonas Gahr Støre (f. 1960) stiller opp til familiefoto på Nato-toppmøtet i Washington i år.
Foto: Javad Parsa / NTB
Å fjerne Støre no vil vere ei panikkhandling som skaper fleire problem enn det løyser for Arbeidarpartiet.
Ein demonstrant med gassmaske protesterer i Tblisi 2. desember mot at den nye regjeringa vil leggja vekk EU-søknaden.
Foto: Irakli Gedenidze / Reuters / NTB
«Med unntak av presidenten har ikkje demonstrantane i Georgia stor tiltru til politikarane.»
Statsminister Michel Barnier på veg til talarstolen i den franske nasjonalforsamlinga 4. desember, der han vart kasta i eit mistillitsvotum frå eit klårt fleirtal.
Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB
PARIS: Frankrike er i uvisse om framtida etter regjeringskrise.
Opprørarar frå islamistgruppa Hayat Tahrir al-Sham ved Aleppo 29. november. Den største byen i Syria fall raskt da opprørarane gjekk til åtak.
Foto: Mahmoud Hasano / Reuters / NTB