IS er framleis ein trussel

IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi er død, og opp mot 1200 IS-krigarar er fengsla, men IS står framleis sterkt, ifølgje terrorforskarar.

Opp mot 12.000 IS-krigarar sit fengsla i område kontrollerte av den kurdiskdominerte SDF-militsen. I Hasakeh-fengselet på biletet sit det heile 5000 fangar. Dei er kledde i fangedrakter med den same oransje fargen som IS kledde fangane dei halshogg i.
Opp mot 12.000 IS-krigarar sit fengsla i område kontrollerte av den kurdiskdominerte SDF-militsen. I Hasakeh-fengselet på biletet sit det heile 5000 fangar. Dei er kledde i fangedrakter med den same oransje fargen som IS kledde fangane dei halshogg i.

Det gjekk ikkje lang tid frå grunnleggjaren og leiaren av jihadistgruppa og terrororganisasjonen IS, Abu Bakr al-Baghdadi, vart erklært død, til det vart meldt at ein ny IS-leiar, Abu Ibrahim al-Hashimi al-Qurayshi, var utpeika.

Sjølv om drapet på Baghdadi vert vurdert som viktigare enn drapet på Osama bin Laden i 2011, er det heller ikkje mange terrorforskarar som har støtta opp om erklæringa til Donald Trump, at verda er ein sikrare stad utan Baghdadi. Tvert om er det fleire som ser det som truleg at IS vil kome sterkare tilbake, kan hende som ein endå farlegare terrororganisasjon enn før.

Større og sterkare

Alt i 2015, då kalifatet enno var i vekst i Irak og Syria, byrja IS å spreie leiarskapen og byggje seg opp i nye område for å gjere seg mindre sårbar. Det seier den svenske terrorforskaren Magnus Ranstorp. Han har fortalt Aftenposten at IS truleg ikkje kjem til å forsvinne i hans levetid.

Ifølgje den USA-baserte tenkjetanken Institute for the Study of War rår jihadistgruppa i dag over 14 aktive provinsar, der ho har nettverk og kan drive operasjonar. Provinsane finst i land som Afghanistan, India, Pakistan, Somalia, Nigeria, Filippinane og Tyrkia. I tillegg har organisasjonen framleis sterkt feste i Irak og Syria.

Ein rapport frå den USA-leidde militærkoalisjonen for å kjempe ned IS i Irak og Syria, Combined Joint Task Force, synte at terrororganisasjonen tidlegare i år framleis hadde mellom 14.000 og 18.000 aktive krigarar i dei to landa. Vi skal ikkje meir enn fem–seks år tilbake i tid før det same talet var rundt 1000, ifølgje USAs antiterrorsjef Russel Travers.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement