Inviterer til misbrukDei som har misbrukt au , må ikkje få nye sjansar.Førre fredag stemte Stortinget for å vidareføre au

Dei som har misbrukt au pair-ordninga, må ikkje få nye sjansar.

Publisert

Førre fredag stemte Stortinget for å vidareføre au pair-ordninga. Omgrepet «au pair» er fransk og tyder «på likefot». På 1800-talet handla det om å byte kost og losji mot tenester. I våre dagar får au pairen språkkurs og lommepengar i tillegg til mat og ei seng, men mykje står framleis att før ein kan snakke om ei vinn-vinn-ordning. Då arbeidarklassekvinnene i England på 1930-talet snudde ryggen til hushaldningsyrket, var der «tenarkrise». Det var dette som starta trenden med utanlandske au pairar, skreiv Elisabeth Stubberud i doktoravhandlinga frå NTNU om au pair-ordninga i Noreg. Ho veit ikkje nøyaktig kor mange au pairar vi har i dag. Dei som kjem frå EØS-land, treng nemleg ikkje registrere seg. Frå andre deler av verda er her ca. 3000, dei fleste frå Filippinane.

Kulturutveksling?

Au pair-ordninga er verdifull kulturutveksling, sa stortingsrepresentant Helge André Njåstad frå Frp på Dagsnytt 18 for ei veke sidan. Men eg trur ikkje folk betaler 130.000 kroner i året, og meir, for å «utveksle kultur». Ein spade er ei spade. Folk kjøper billeg arbeidskraft. Vertsfamilien disponerer etter regelverket fem timer dagleg av tida til au pairen, men ho får ikkje løn. Ho får lommepengar: 5600 kroner i månaden. I 2003 vart visumet for au pairar til Noreg endra frå jobbvisum til studentvisum. Rolla er mildt sagt tvitydig.

Språkkurs og pass av norske born gjev rett nok kunnskapar om kultur, språk og pedagogikk. Sjølv om det er lærerikt å passe andre sine born, i fleire timar, kvar dag, bør slikt reknast som jobb, for au pairar som for andre. Mange av au pairane driv dessutan meir med sokalla «lett husarbeid» enn pass av ungar. Kva ein legg i ordet «kultur», er det rett nok usemje rundt, men få vil hevde at stryking av klede er utprega kulturutvekslande.

Utfordrande ubalanse

Når eg les i doktoravhandlinga til Stubberud, om au pair-familiane som lét seg observere av henne heime på kjøkkenet, ser eg føre meg svenskane som forska på norske ungkarar i filmen Kitchen Stories. Stubberud fann mellom anna at det ikkje er lett å skilje mellom jobb og fritid, spesielt når au pairen bur heime hos familien. Skal ho seie nei til ungane om dei kjem og vil sitje på fanget utanom «arbeidstida»? Skal ho spørje vertsfamilien om lov når ho ynskjer besøk? Kan ho skifte kanal på TV-en i stova? Skal ho hjelpe til med å setje inn i oppvaskmaskina etter middag med familien, sjølv om ho har støvsuga og stroke klede for dei i fem timar tidlegare på dagen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement