Kommentar

Invasjonen som er umogleg å selja

Putin fryktar sitt eige folk. Difor tør han ikkje kalla krigen i Ukraina for ein krig.

Publisert

For ukrainarane er det ikkje vanskeleg å forstå kvifor dei skal forsvara seg: Ingen stad i landet kan ein vera sikker på at ein ikkje blir drepen av ein russisk rakett. Skulle Russland vinna krigen, vil Ukraina bli lagt under eit militærdiktatur i lang tid.

For dei 18- og 19-åringane som gjer teneste i den russiske invasjonsstyrken, ser verda vanskelegare ut. Der dei ligg ute i felten, hugsar dei kanskje då Vladimir Putin talte til nasjonen førre nyttårsaftan. Presidenten snakka då om kor hyggeleg det var at alle kunne gå inn i det nye året saman med vener og familie. Det var tida for hyggje, god mat og god drikke, slo Putin fast. At han sysla med planar om å gå til krig eit stykke utpå nyåret, sa han ingen ting om.

Så kom slutten av februar 2024. Plutseleg blei den russiske ålmenta fortald at det var naudsynt med ein såkalla spesialoperasjonen i Ukraina. Dei russiske gutane som blei med inn i Ukraina, fekk vita at det heile ville vera over på nokre dagar eller veker.

Nye konfrontasjonar

No står me føre ein sommar med fleire store militære konfrontasjonar. Mykje talar for at det blir utkjempa avgjerande slag langs frontlinja i Donbas og nord for Svartehavet dei neste par månadene. Kvar dag blir mellom 50 og 100 ukrainarar drepne. Ettersom det alltid kostar langt fleire liv å gå til åtak enn å forsvara seg, tyder alt på at talet på drepne russarar er endå høgare.

Det som står fram som merkeleg, er at Putin framleis – meir enn 100 dagar inn i krigen – ikkje har fortalt det russiske folket klart og tydeleg kvifor det var naudsynt å gå til krig. Argumentasjonen har vakla frå dag til dag. Til tider er det blitt hevda at regjeringa i Kyiv har drive med folkemord i Aust-Ukraina. Så har ein snakka om at det sit nazistar ved makta i Ukraina. Men ingen har sett særleg mange lik frå det påståtte folkemordet i Donbas. Ein såg heller ikkje Volodymyr Zelenskyj marsjera i spissen for nazisoldatar i gatene i Kyiv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement