JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

IntervjuSamfunn

Tollaren mot Goliat

Unge nordmenn bruker langt meir kokain enn gjennomsnittseuropearen, og smuglarane har fått auga opp for den underbemanna grensa vår.
– Noreg har ikkje evna å ruste opp, seier Karin Tanderø Schaug i Norsk Tollerforbund.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I fjor haust fann tollarar på Oslo lufthamn 36 kilo Willy Wonka-sjokolade som inneheldt cannabisstoffet THC og psilocybin, det psykoaktive verkestoffet i fleinsopp.

Foto: Tolletaten

7535
20240906

Samtalen

Karin Tanderø Schaug

forbundsleiar i
Norsk Tollerforbund

Aktuelt

Tolletaten etterlyser midlar for å kunne bremse kokaininnførselen

marita@dagogtid.no

Både statistikk og avløpsvatn viser at bruken av sentralstimulerande rusmiddel som kokain og MDMA har auka drastisk. Ifølge Nova-undersøkinga «Ung i Oslo 2023» har 17 prosent av gutane på Vg3 i Oslo brukt kokain. I første halvdelen av 2024 blei det gjort 992 kokainbeslag, 436 MDMA-beslag – ein auke på 47 prosent på eitt år – og 134 ketaminbeslag.

– Kripos og Europol har uttalt at Noreg er i ferd med å bli eit nytt transittland for narkotikastraumen mellom Sør-Amerika og Europa. Korleis har Noreg enda opp som ein inngangsport for smuglarane?

– Tolletaten har ei avgjerande rolle i å hindre at illegale stoff kjem over grensa, men etaten er svekt. Det har vi varsla om lenge. Vi har for få operative på vakt, både langs kysten, på grensene og på flyplassane. Dei illegale nettverka ser etter nye vegar og marknader, og no utgjer særleg kokain som blir send sjøvegen, ein stor trussel. EU har brukt 200 millionar euro på å ruste opp tollvesenet og styrkt dei største hamnene, der dei har gjort store beslag. Noreg, derimot, har ikkje evna å ruste opp. Derfor er vi sårbare.

– Vi har rett nok over 3000 hamner og kaianlegg, ifølge Kystverket. Kva må til der?

– Det er avgjerande at vi får styrkt bemanninga. Vi må vere til stades i tillegg til å jobbe førebyggande. Vi er rundt 600 tollarar på vakt; eg meiner vi må vere 1000. I tillegg treng vi skannarar. Vi har fire, men tre av dei er gamle og må skiftast ut. Det har vi no fått midlar til. Akkurat der har regjeringa lytta: Vi får fornya fartøy, og snart har vi fem skannarar. Med ein skannar kan ein lyse gjennom ein konteinar på få minutt i staden for å tømme han, noko som kan ta fleire dagar. Men igjen: Det hjelper ikkje å ha utstyr så lenge vi manglar folk. Eg var i møte med finansminister Tryge Slagsvold Vedum i går, og dette var bodskapen min til han. Utan bemanning blir ikkje smuglarane tatt. Regjeringa vil ikkje klare å «knuse gjengane», som dei seier dei vil.

– Kva kom ut av møtet med Vedum?

– Han lytta og hadde mange spørsmål. Men nokon lovnad om ytterlegare styrking eller ressursar fekk eg ikkje. Regjeringa opplever nok at dei held lovnaden dei gav i Hurdalsplattforma, med ei varig styrking på 200 millionar. Ei styrking på nesten 10 prosent er historisk. Men situasjonen er såpass kritisk at regjeringa i realiteten betaler rekninga for mange år med underfinansiering. Eg håpar Vedum forstår alvoret. Viss vi skal klare å stå i dei utfordringane vi kjem til å ha i mange år, treng vi ei gradvis oppbygging av Tolletaten.

– Kor mange millionar treng de, meiner du?

– Budsjetta til Tolletaten har ikkje følgt utviklinga dei siste 15–20 åra. Tollarane har fått fleire oppgåver, og vi har EU-pålegg og lovendringar å følge. Arbeidet har blitt meir komplisert. Folk reiser meir, og varevoluma veks. 200 millionar kroner er avgjerande, men vi treng fleire kontrollhaller og fleire hundar og må blant anna styrke etterkontrollområdet. Budsjettet bør komme opp i 1 milliard kroner i løpet av få år. Eg skal ikkje skylde på nokon, men dei siste regjeringane har kutta utan auge for særeigenskapane i tollverksemda. Det har vore øydeleggande for førstelinja. Vi heng langt etter.

– I desember i fjor fann tollarar på Gardermoen 36 kilo sjokolade som inneheldt narkotika. Vi har lese om smugling av hasj i hobbysett og heroin i peanøttsmør. Det ligg i korta at mange kilo narkotika ikkje blir beslaglagt.

– Med netthandelen har vi fått ein eksplosiv auke i varevolum, og dei kriminelle finn stadig nye metodar og vegar. Berre på flyplassane får vi stadig større utfordringar. Tromsø lufthamn går no frå 20 til 100 direktefly i veka. Samtidig som vi trengst der, må vi kontrollere alle russiske fartøy, handheve og kontrollere sanksjonar mot Russland og vere til stades på Svalbard, for å nemne noko. Gardermoen er eit anna eksempel: Sjølv om flyplassen er langt større no enn han var i 1998, er talet på tollarar det same, kanskje til og med lågare.

– I medieoppslag knytte til det mange kallar kokaintsunamien, seier tolldirektør Øystein Børmer at tollarane har som oppgåve å tette hola så godt dei kan. Kva inneber det «å tette hola så godt dei kan»?

– Vi må vite kor risikoen er størst, og disponere midlar og ressursar så effektivt som mogleg. Når vi er tynt bemanna på mange område, er det vanskeleg å samle seg om eitt risikobilde. Vi skal kontrollere skip og småbåtar, fly, trailerar og campingbilar. Slik stoda er no, kjem vi til kort. Etter mitt syn må Stortinget ansvarleggjerast. Skal Tolletaten bidra til å hindre innførselen, må han få eit ordentleg løft.

– I 2023 beslagla Tolletaten 2,3 tonn kokain, blant anna 150 kilo, eller 6 millionar brukardosar, som kom frå Brasil til Kvinnherad på eit lasteskip. Det var tollarar på ferjekaia i Larvik som ante at noko var i gjære i Kvinnherad. Brukte dei kløkt, eller hadde dei flaks?

– Vi jobbar mykje med etterretning, og her utviklar vi oss stadig. Men det er utruleg viktig at vi er fysisk til stades på grensa. I dette tilfellet var det avgjerande at vi var til stades i Larvik. Det handlar om kompetanse hos tollaren, om kva vi veit og kva vi observerer. Vi må lese trafikkmønster og avvik i lys av større analysar og trusselbilde. I fjor førte internasjonalt samarbeid til at vi fann kokain i ei bananlast. Litt seinare fann Bama-tilsette sjølv kokain som altså hadde sloppe gjennom tollen. No kontrollerer vi mange banankassar. Men det går ut over andre ting. Vi er ikkje fleire enn vi er. Kvar dag må vi gjere tøffe prioriteringar.

– Etter beslaget i Kvinnherad blei fem personar dømde etter mafiaparagrafen, men etter beslaga hos Bama, der over 2000 kilo kokain blei funne, har ingen blitt arresterte. Statsadvokat Benedicte Hordnes sa til NRK at parasittsmugling «føregår i stor stil». I tillegg spreier kriminelle gjengar frykt. Kva meiner du styresmaktene må gjere for å unngå at maktesløysa breier om seg?

– Vi har eit samfunnsoppdrag, og det må vi få utført. Både toll og politi må få fleire ressursar. Vi må utvikle oss på teknologi, etatane må samarbeide meir, og vi må jobbe meir internasjonalt. Internasjonalt samarbeid er vesentleg. Europa er ikkje større enn det er.

– Jo meir narkotika, jo fleire kriminelle, og jo meir vald. Har grensevaktarbeidet i seg sjølv blitt farlegare?

– Det kan oppstå skumle situasjonar, ja. Sverige har vedtatt å væpne tollarane. Då kjem spørsmålet til Noreg òg, sidan vi deler grense. Det ligg eit tryggingsaspekt i at vi får fleire ressursar. Særleg i grisgrendte område er tollarane sårbare.

– Ifølge European Drug Report 2024 har 4,2 prosent av nordmennene i alderen 15–34 år brukt kokain det siste året. Snittet i EU-landa er 2,5 prosent. Føler du på eit ansvar?

– Ja. Å hindre at mengder med narkotika kjem inn i landet, har stor førebyggande effekt. Kokain skal vere vanskeleg å få tak i. No får ungdommar, særleg i Oslo, lettare tak i kokain enn øl og vin. Eg seier ikkje at alle blir narkomane av å prøve kokain, men jo fleire som bruker det, jo større konsekvensar får det for samfunnet, med psykiske lidingar, ulykker og kriminalitet. Eg føler eit stort ansvar for at så få unge som mogleg skal måtte forhalde seg til kokain.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.

Foto: Eva Furseth

Meldingar
Eva Furseth

Retrobølgje på Haustutstillinga

Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.

Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.

Foto: Henrik Laurvik / NTB

BokMeldingar
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Personleg rapport om SV

Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.

Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

Samfunn
Andrej Kurkov

Pengar er makt

Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.

Sjukepleiar støttar ein pasient ved eit norsk sjukehus. Sidan 2019 har sjukefråværet auka med 25 prosent i Noreg, og sjukepleiarar er blant yrkesgruppene med høgast sjukefråvær.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn

Ei skrantande folkehelse

Kan det tenkast at sjukefråværet aukar fordi fleire enn før blir sjuke?

Per Anders Todal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis