JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

IntervjuSamfunn

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

8458
20240419

Samtalen

Morten Magelssen

medlem i abortutvalet

Aktuell

Tok dissens i rapporten frå abortutvalet

Foto: Universitetet i Oslo

sofie@dagogtid.no

«Flere Høyre-representanter vil be om å få stemme fritt når den nye abortloven skal vedtas på Stortinget», kunne NRK fortelje denne veka. Tilrådingane frå abortutvalet skal stemmast over no i vår, og det er mange som meiner noko om abort og kva grenser ein skal setje. Skal sjølvråderetten trumfe verdien til fosteret? Og kvar går i så fall den grensa?

Kamzy Gunaratnam, som vart intervjua på desse sidene i Dag og Tid førre veke, er tydeleg på at det berre er kvinna som veit kva som er best for livet hennar. Olaug Bollestad i KrF meiner Gunaratnam «bagatelliserer det hele ved aldri én gang å nevne noe om rettsvernet til barnet i magen».

Ikkje alle i abortutvalet kunne stille seg bak tilrådingane. Morten Magelssen var ein av dei som tok dissens. Han er førsteamanuensis og leiar ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo, men svarar her som medlem i abortutvalet.

– Abortutvalet tilrår å utvide grensa for sjølvbestemt abort til veke 18. I dissensen er det peika på at det er vanskeleg å grunngi akkurat denne grensa. Kvifor?

– Det er ikkje nokon spesielle medisinske eller biologiske argument som talar for at grensa skal gå akkurat ved veke 18. Utviklinga til fosteret er kontinuerleg gjennom svangerskapet, og det skjer eigentleg ikkje noko kvalitativt nytt mellom veke 12 og 22.

– Så kvifor ikkje då utvide grensa til veke 22? Ein av medlemmane i utvalet gjekk inn for dette, kan ein lese i rapporten.

– Det går ei grense ein kan argumentere for ved veke 22, for då er me komne nær tidspunktet då fosteret kan vere levedyktig. Grensa vart sett for nokre år sidan fordi ein ville ha litt margin til den reelle grensa på 23 veker. Argumenta ein brukar for utviding av sjølvbestemming til veke 18, kan ein også bruke for å utvide til veke 22. Det er noko tilfeldig over valet av akkurat veke 18. Eg las i intervjuet med Gunaratnam at ho sjølv har sympati for utviding heilt til veke 22, men at det er politiske og pragmatiske grunnar som gjer at ho stoppar på veke 18. Eg trur at viss veke 18 blir vedteke, er det berre eit spørsmål om tid før tanken får modna seg og krava kjem om ei utviding til veke 22. Samstundes vil medisinsk utvikling kunne gi dei liberale eit nytt dilemma. I eit framtidssenario kan me få ein situasjon der det er mogleg å redde born før grensa for sjølvbestemt abort er overskriden.

– Eitt av argumenta for å utvide til veke 18 er at dei fleste som søkjer abort etter veke 12, uansett får innvilga dette. Kva er då problemet med å lovfeste det?

– Her har eg to svar. Det første er at også i dei tilfella der søknaden om abort blir innvilga i nemnda, så har det skjedd noko meiningsfullt i nemnda. Nemleg at ein ekstern instans har teke interessene til fosteret i betraktning og vege dei opp mot grunnen kvinna har til å velje abort. Slik går samfunnet god for at her er det tilstrekkelege grunnar til abort. Det andre eg vil seie, er at nemndene blir kraftig kritiserte av mange, også i kunnskapsinnhentinga til abortutvalet. Slik sett er det paradoksalt at ein legg til grunn den praksisen nemndene har utvikla, altså å innvilge abort i nesten alle tilfelle, som argument. Praksisen med å vere så liberal i praktisering av kriteria er neppe i tråd med lovgivars intensjon då abortlova blei til.

– Du meiner at nemndene bryt lova?

– Eg meiner at eg ikkje er med på å leggje til grunn at den linja nemndene har lagt seg på, er ein fasit for korleis søknader om seinabort bør handsamast.

– Er det ikkje urimeleg at eit par legar i ei nemnd skal vere dommarar over livet til andre menneske, slik det fungerer no?

– Eg har slutta meg til fleirtalsforslaget som vil endre på nemndene. Utvalet har påvist nokre negative sider ved korleis dei fungerer i dag. Så dei nye nemndene er meint å imøtekome ein del av kritikken som nemndene har fått. Mellom anna for dårleg informasjon i forkant, manglande skriftleggjering av vedtak og lite transparens. Eg vil òg nemne at nokre jordmødrer peikar på at handsaminga i nemnda er ei støtte for dei. Aborten er då vurdert og velgrunna. Dette forsvinn viss ein utvidar grensa for sjølvbestemming. Jordmødrene assisterer ved seinabort og ser kva ein verkeleg gjer når ein avsluttar eit svangerskap når fosteret er rundt 18 veker. Mange opplever det som uhyre krevjande fordi fosteret er så velutvikla. Undersøkingar tyder på at fleire vil reservere seg mot dette dersom abortgrensa blir utvida.

– I intervjuet i Dag og Tid førre veke seier Gunaratnam i samband med det ufødde liv-retorikken at «det er ingen stader der samfunnet har klart å få kvinner til å bere fram barn dei ikkje ønskjer. Det som skjer då, er at kanskje også kvinna mister livet».

– Eg synest det er eit sterkt argument. Det har rett nok noko å seie kvar ein er i verda. I eit land som Noreg med naboland med liberal abortlovgiving vil ein kunne tenkje seg at kvinner som får nei til abort, vil kunne reise over grensa og få det utført. Men det er klart at når lovgivinga er relativt ineffektiv i å påverke aborttala og kva for abortar som blir utførte, er det eit argument for ei liberal abortlov.

– Abort er eit svært alvorleg moralsk spørsmål som handlar om sjølve menneskeverdet.

– I dissensen som du har skrive under på, står det at ein må inngå eit kompromiss som borgarar med ulike verdisyn kan finne det akseptabelt å leve med. Men er ikkje abort uansett eit personleg val å ta? Til dømes kan kvinna velje sjølv kva som er rett for ho og for verdisynet hennar – kvifor skal dette bestemmast i ei lov?

– Viss fosteret verkeleg har menneskeverd og bør ha rett til liv frå tidleg av i svangerskapet, så er ikkje dette eit reint privat syn, men eit syn med politisk relevans, eit syn som angår grunnlaget for heile samfunnet. Då handlar det om sjølve menneskeverdet, ei grunnplanke i verdisettet vårt. Frå dette perspektivet vert det utoleleg at samfunnet ikkje gjer noko for å anerkjenne menneskeverdet også i livets første fasar. Ein måte å anerkjenne menneskeverdet på er å leggje visse restriksjonar på abort, slik at det ikkje blir ei rein sjølvbestemming. Til dømes obligatorisk rådgiving. I mange spørsmål lever me greitt med usemje om kor liberal ei lov skal vere; likar ein ikkje ein praksis, kan ein berre avstå frå å delta i den praksisen sjølv. Men med abort er det annleis. Viss me tek synet til dei restriktive på alvor, så er dette eit svært alvorleg moralsk spørsmål som handlar om sjølve menneskeverdet. Og retten til liv er ein grunnleggjande menneskerett som lovgivar ikkje kan vere nøytral om. Med vid sjølvbestemming i abort seier staten i praksis at fosteret ikkje har menneskeverd.

– Du meiner at dagens abortgrense kan bidra til å beskytte mot ein mindre aksept for det uperfekte og det som er annleis. Dette heng saman med tidleg fosterundersøking. På same tid peikar abortutvalet på at tidleg fosterundersøking også kan føre til tidleg tilknyting til fosteret.

– Det kan det nok, og det viser kor komplekst abortspørsmålet er. Mange argument kan snuast på, og innvendingar og motargument kan sjåast på på ein annan måte. Men eg meiner at ved å utvide sjølvbestemminga har me ikkje lenger som samfunn nokon kunnskap om kva som grunngir abortane. Kombinert med potent fosterdiagnostikk, som berre blir meir finmaska i åra som kjem, legg det til rette for ein privat sorteringspraksis. Der me ikkje veit om det er til dømes kjønn eller små avvik som grunngir avgjersla om abort.

– Kva vil du seie til Gro Harlem Brundtland, som meiner at dagens abortlov er utdatert, og at det ikkje er nokon grunn til å halda fram med nemnd etter 12 veker?

– Frå dei som ønskjer auka sjølvbestemming ved abort, høyrer eg lite om abort som eit moralsk dilemma der omsynet til fosteret også er viktig. Når ein tonar ned verdien til fosteret eller tek det heilt ut av biletet, blir abort eit enkelt spørsmål. Då handlar det om den vilkårslause retten kvinner har til å ta avgjersler som gjeld eige liv. Men med ein gong vi tek på alvor at det også er tale om eit anna liv med verdi, blir det klart at abort er eit vanskeleg spørsmål. Det er ei verdiavveging der samfunnet må finne ein utveg for å balansere sjølvbestemming mot fosterets rett til liv. Utvida sjølvbestemming tek ikkje vare på ein slik balanse.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis