JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

IntervjuSamfunn

Lovnader og røyndom

Ordførar Kari Heggelund i Åsnes har forlate Senterpartiet. Ho meiner partiet er vorte for kategorisk i mange saker.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trygve Slagsvold Vedum og resten av senterpartileiinga lova for mykje, meiner Kari Heggelund. Biletet viser Vedum under Arendalsuka i 2021.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

4787
20230811

Samtalen

Kari Heggelund

Ordførar i Åsnes

Aktuell

Kommunevalet

4787
20230811

Samtalen

Kari Heggelund

Ordførar i Åsnes

Aktuell

Kommunevalet

redaksjonen@dagogtid.no

Senterpartiet har i mange år vore ordførarpartiet med stor oppslutning i dei fleste distriktskommunane. No står partiet i fare for å miste ordføraren i fleire kommunar. Sidan sist kommuneval har partiet halvert oppslutninga. Ifølgje ei oppsamling av dei siste målingane på nettstaden Pollofpolls er partiet no nede i 7,2 prosent nasjonalt.

Dag og Tid har tala med ordføraren i Åsnes, Kari Heggelund, mellom krisemøte desse uvêrsdagane. Heggelund vart vald som ordførar for Senterpartiet, men stiller i haust til val for Samlingslista i Åsnes.

– Du har bytt parti frå Sp til ei lokal liste i løpet av valperioden. Kvifor det?

– Vi har hatt ein vanskeleg skuledebatt lokalt. Lokalt gjekk Senterpartiet inn for å legge ned skular, medan noko anna har vorte kommunisert overordna nasjonalt. Senterpartiet har stått for ein respekt for lokale forskjellar. Det har eg alltid likt. Men Senterpartiet er vorte for kategorisk i skulesaka. Eg har forståing for at til dømes øysamfunn og rasutsette område treng skular i nærområdet. Men vi har ikkje dei finansielle musklane til å drive godt på alle skulane vi hadde her i kommunen, ut ifrå at vi må jobbe førebyggjande. Det viktigaste er å ha eit godt tilbod til dei unge.

– Eit partiskifte går vel utover tilliten?

– Det er ei utfordring. Det var på ingen måte ein ønskt situasjon å melde seg ut av partiet, men det er heller ikkje ønskjeleg å verte ei belasting for partiet. For meg vart det viktigare å gjere det eg er overtydd om er rett for kommunen langsiktig. Det lét seg til slutt ikkje sameine med å halde fram i partiet.

– Er det lokal- eller rikspolitikken som dominerer i valkampen?

– Mykje kjem an på dei som styrer kommunikasjonen. Det nasjonale får stor plass, medan handlingsrommet lokalt er lite. I kommunane skal vi skape gode tenester for folk innanfor dei økonomiske rammene vi har, same kva parti vi representerer.

– Kva er forskjellen på den lokalpolitiske kvardagen kontra rikspolitikken?

– Det er stor forskjell på kva ein ønskjer, og moglegheitsrommet for kva ein kan få til. På nasjonalt plan er det lettare å vere prinsippfast og dra dei store linene. Det er eit privilegium vi ikkje har lokalt. Vi er meir styrte av lover og krav til kva vi skal levere gjennom heile livet til folk. Det er til dømes ikkje eit alternativ for ein kommune å ikkje ha lege.

– Det tidlegare partiet ditt slit på målingane om dagen. Kva trur du er grunnen til det?

– Partiet nasjonalt har skapt forventningar som ikkje er gjennomførlege lokalt. Det går utover tilliten til partiet. Slagordet «tenester nær folk» er vanskeleg å følgje opp lokalt, der realiteten er at vi må prioritere strengt økonomisk. Det har eg vore tydeleg på overfor sentralleiinga. Ofte står ein i skvis mellom store lovnader nasjonalt og den lokalpolitiske situasjonen. Mange i partiet gjer ein viktig jobb for å oppretthalde busettinga i heile landet. Det synest eg er viktig. Likevel har partiet ei utfordring med at overskriftene vart for store.

– Har noko endra seg for deg i løpet av tida di som ordførar?

– Tilhøvet mitt til media. Media prøver ofte å skape dramatiske overskrifter for å provosere fram klikk. Vi kan ikkje drive samfunnsinformasjon som aktivt fordummar folk. Det gjer det vanskeleg å få fram heilskapen. Politikarar engasjerer seg av di dei vil det beste for folk. Men mange trur nok vi lokalpolitikarar er idiotar, når dei les nyheitene.

– Men media skal vere kritiske til dei som sit med makta.

– Ja, men folk må òg ha tillit til media. Det er langt til USA, men vi ser der kva som skjer om folk mistar tillit til media. Media både nasjonalt og lokalt er vortne gode på dramatiske overskrifter og gløymer ofte det positive.

– Fleire habilitetssaker har råka regjeringa i sommar. Pregar det tilliten til politikarar generelt?

– Det er ei utfordring. Ein skal ha høge krav til oss politikarar. Dei som lagar lovverket, må også følgje det. Samstundes er eg uroa for at om belastninga vert for stor, så vil ikkje folk ta på seg politiske verv. Eg merkar det sjølv, at jobben som ordførar påverkar det sosiale livet mitt. Det er krevjande.

– Tar dei store nasjonale sakene merksemda vekk frå det som skjer lokalt?

– Alle nasjonale saker vert også lesne lokalt. Vindkraft og energi er døme på store nasjonale inngrep der kommunane har noko å seie. Ideelt skulle det vore kommune- og stortingsval same året. Når politikken endrar seg nasjonalt, er det vanskeleg å drive ut frå gamle planar. Ein runde i kommunestyret er god vaksenopplæring.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Ideelt skulle det vore
kommune- og stortingsval same året.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Saueauksjon i Machynlleth i Wales.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Sau

Noko om sauedrift i Noreg og Wales.

Karina (Berda Larsen) lèt seg ikkje tulle med av den sjølvmedlidande dansken Jan (Emil Johnsen).

Foto: Mer Film

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Kalak: «Norske Emil Johnsen ber hovudrolla glitrande med stundom sår framtoning som naiv innflyttar.»

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis