I ekstreme tider
Det er ingenting uventa med vêrkatastrofane i Europa i sommar,
seier klimaforskar Tore Furevik.
Styrtregn førte til katastrofale flaumar mange stader i Tyskland og andre mellomeuropeiske land i juli. Biletet er teke i Erftstadt-Blessem 17. juli.
Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters / NTB
SAMTALEN
Tore Furevik
Direktør ved
Nansensenteret
Aktuell
Ny rapport frå
Klimapanelet
SAMTALEN
Tore Furevik
Direktør ved
Nansensenteret
Aktuell
Ny rapport frå
Klimapanelet
peranders@dagogtid.no
På måndag kom første del av den nye oversiktsrapporten frå Klimapanelet til FN (IPCC). Rapporten må bli dødsstøyten for kol og andre fossile energikjelder, før dei øydelegg planeten vår, sa FN-generalsekretær António Guterres.
Tore Furevik er direktør ved Nansensenteret.
– På eit vis er det rart at den nye IPCC-rapporten får så stor merksemd. Han slår fast at verda blir varmare, oppvarminga skjer ekstremt raskt, det blir meir ekstremvêr, og årsaka er klimagassutsleppa. Men dette visste vi jo?
– Det er i og for seg rett: Dei som har følgt med på forskinga dei siste åra, har sett dette alt. Det som har kome til sidan den siste store tilstandsrapporten frå IPCC i 2013, er åtte år med meir data og kunnskap. Og den viktigaste endringa er at vi har fått sikrare kunnskap om samanhengen mellom global oppvarming og ekstremvêr. Merksemda kjem nok fordi denne rapporten gjer opp status og tek pulsen på utviklinga.
– Rapporten slår no fast samanhengen mellom klimagassutslepp og oppvarming som sikker. Det er i seg sjølv nytt?
– Ja, dei tidlege IPCC-rapportane var varsame i språkbruken: Dei snakka om «sannsynlege» og «svært sannsynlege» samanhengar. No blir samanhengen slått fast som heilt sikker. Sidan kring 1850 har gjennomsnittstemperaturen på jorda stige med nesten 1,1 grad, og så godt som all temperaturstiginga er menneskeskapt.
– Er det noko anna som er genuint nytt i den nye rapporten?
– Nei, eigentleg ikkje. Det var meir nytt i mellomrapporten som kom i 2018, der det vart slege fast ein samanheng mellom global oppvarming og tropiske orkanar. Så er det ein positiv ting som kan nemnast: Det utsleppsscenarioet i 2013-rapporten som ofte vart omtala som «business as usual», og som kunne føre til ei oppvarming på nærare fire gradar, føresette ein kraftig vekst i kolforbruket i verda. Men den teknologiske utviklinga, og utfasinga av kolkrafta i mange land, gjer dette scenarioet usannsynleg.
– Men om utsleppa held fram med å auke i same tempo som dei siste åra, kor hamnar vi da?
– Vel, eg trur ikkje utsleppsveksten vil halde fram som no, eg trur utsleppa kjem til å minke på sikt. Dei måla Europa, USA og Kina har sett seg, peikar i den leia. Eg trur verda kjem til å nå utsleppstoppen før 2030, og deretter gå nedover.
– Men målet om å halde oppvarminga under 1,5 gradar blir ikkje nådd?
– Nei, det gjer det nok ikkje. Med dagens utslepp har vi berre ti år på oss, og det går ikkje. Eg trur ikkje vi klarer å halde oss under to gradar oppvarming heller. For mykje av verda har framleis vekst i utsleppa sine. Skal eg vere litt optimistisk, klarer vi å stogge ein stad mellom to og tre gradar.
– For nokre år sidan var det eit blaff av optimisme: Det vart hevda at det var mogleg å stogge oppvarminga på halvannan grad. Trudde du på det?
– Eg trudde ikkje at det målet kom til å bli nådd. Men eg synest det var fornuftig å ha eit ambisiøst mål, på liknande vis som visjonen om null trafikkdrepne kan vere nyttig sjølv om han er lite realistisk.
– Det som no skjer i verda, med tørke, skogbrannar og flaumar, er truleg vel så viktig for opinionen som den nye rapporten: Vi snakkar ikkje lenger om klimaendringar som noko som kjem i framtida.
– IPCC-rapporten fekk nok meir merksemd på grunn av dei ekstreme hendingane i sommar, med varmerekordar, flaum i Mellom-Europa og skogbrannar i Hellas og andre stader. Alt dette er i tråd med det modellane fortel oss. Dette ber så tydeleg signaturen til klimaendringane. Det er ingenting med dette som er overraskande.
– For Noregs del er framleis ekstremnedbør truleg det største trugsmålet frå klimaendringane?
– Ja, det er det. Men samstundes er det òg grunn til å vente seg meir tørke på sommaren, og vi kan òg få fleire skogbrannar som ein konsekvens.
– I Noreg er det valkamp, og dei fire største partia vil alle stimulere til meir leiteboring for å finne etter meir olje.
– Ja, og det bør dei ikkje gjere. Eg skjøner at det er vanskeleg å snu: Vi har ein stor oljeindustri med mange arbeidsplassar, og ein sterk oljelobby. Eg skjøner at det er vanskeleg å redusere aktiviteten. Men klimaendringane inneber at vi må endre politikk. Vi veit at Europa er på veg vekk frå olje og gass. Og éin ting er klima, men ein må òg setje spørjeteikn ved lønsemda. Om ein oppdagar felt i Barentshavet no, og skal drive utvinning der dei neste 30 eller 40 åra, er det vanskeleg å sjå at det skal bli lønsamt. Å gje skattefrådrag og refusjon for leiteboring no, er for meg uforståeleg. Og den koronapakken som oljeindustrien fekk i fjor, trur eg få politikarar i framtida vil rekne som eit klokt trekk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Eg trur ikkje vi klarer å halde oss under to gradar oppvarming heller.»
Fleire artiklar
Gunnhild Øyehaug har skrive bøker i mange sjangrar etter diktdebuten i 1998. Ho er også lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Foto: Helge Skodvin
Bulletinar frå ein medviten romanperson
Gunnhild Øyehaug skriv friskt og morosamt om draum og røynd i metaland.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Joaquin Phoenix spelar hovudrolla som Joker.
Foto: Warner Bros. Discovery
Dyster dobbeldose
Denne runden med Jokeren ber det same mørket med nye tonar.
I hamnebassenget om lag her lét Dia í Geil seg døype grytidleg ein kald oktobersøndag for snart 150 år sidan. Det var starten på vekkinga som gjorde Brø¿rasamkoman til eit livskraftig samfunn som framleis styrer mykje på Færøyane.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Om Gud og lausriving
Siste dag i oktober i 1880 lét Dia í Geil seg døype i hamnebassenget i Tórshavn, og etter det skulle Færøyane aldri bli det same.