Intervju
– Kunne ikkje forsvarast
Premissane Ap og Sp hadde for regjeringsforhandlingane, peika i feil retning, seier Ingrid Fiskaa i SV. Ho meiner SV har betre sjanse for politisk gjennomslag på Stortinget.
SV-leiar Audun Lysbakken var klar til å forhandle førre veke, men etter fem dagar med regjeringssonderingar, reiste han frå Ap, Sp og dei komande regjeringsforhandlingane.
Foto: Terje Pedersen / NTB
«Vi er svært skuffa», sa Audun Lysbakken då Sosialistisk Venstreparti trekte seg frå regjeringssonderingane med Senterpartiet og Arbeidarpartiet etter fem dagar.
Vi har snakka med Ingrid Fiskaa, leiar i Rogaland SV og nyvald stortingsrepresentant.
– Kva synest du om at SV no ikkje vert med i regjeringsforhandlingane?
– Eg er skuffa over at Ap og Sp ikkje ønskte ein reell ny politisk kurs for Noreg. Det handlar om å ta veljarane våre på alvor, og dei har ønskt ein raudgrøn kurs med offensiv miljøpolitikk og kraftfull omfordelingspolitikk. Dette såg ikkje ut til å verte eit regjeringsgrunnlag i tråd med det.
– De var klare til å starte forhandlingar alt førre veke, då Sp insisterte på sonderingar fyrst. Men så etter ei veke snudde det. Kva skjedde?
– Det handlar om premissane dei andre partia ville leggje for forhandlingane. Vi meiner dei peika i feil retning, både på fordelingsfeltet og på miljøfeltet. Det var heilskapen i det som var inngangsbilletten til forhandlingar, som vi meiner ikkje er i tråd med ein ny politisk kurs.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.