Intervju
– For lite og for seint
Tiltaka til regjeringa er neppe nok til å stagge omikronviruset, meiner influensaforskar Rebecca Jane Cox.
Statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen om koronasituasjonen sist tysdag. Camilla Stoltenberg frå Folkehelseinstituttet til høgre.
Foto: Annika Byrde / NTB
Smittetala i Noreg overgår alle tidlegare toppar i pandemien – og slik var det alt før den nye omikronvarianten dukka opp. Rebecca Jane Cox er leiar for Influensasenteret ved Universitetet i Bergen.
– Omikron er ein sterkt endra og truleg langt meir smittsam variant av koronaviruset. Vart du overraska da du fekk vite kor mykje viruset hadde mutert?
– Det var jo noko slikt vi hadde frykta. Og er det noko vi har lært av tida med dette viruset, er det at vi må vente det uventa. Så står det att å sjå kor alvorleg sjukdom omikron gjev. I Sør-Afrika ser det ut til å gje ganske mild sjukdom hos dei som har hatt covid-19 før, men vi veit ikkje korleis det vil arte seg her.
– «Kombinasjonen av mye sirkulerende virus og delvis beskyttelse kan føre til et sterkt seleksjonspress som kan drive viruset til å endre seg i en uønsket retning», skreiv du i ein artikkel i haust. Verda er no eit perfekt laboratorium for nye mutantar?
– Ja, og det er dels fordi dei rike landa har svikta. Langt frå alle land i verda har hatt god nok tilgang til vaksinar, og det har gjeve stor spreiing av viruset og stor fare for mutasjonar. Vi har laga eit forferdeleg eksperiment.
– Framleis er det deltavarianten som dominerer i Noreg. Når tek omikron heilt over, trur du?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.