Krig

Intelligens og utdanning

Russiske missil og dronar har øydelagt 4 ukrainske universitet, 7 høgskular og 394 skular.

Unge skiskyttarspirer trenar ved ruinane av skulen sin i Tsjernihiv. Han blei sprengd i eit russisk rakettåtak i vinter.
Publisert

Mot slutten av førre veke sende den ukrainske utanlandsetterretninga ut ei åtvaring til ukrainske borgarar mot å reise til Iran. Inga slik åtvaring vart gjeven da Israel og Iran nyleg gjekk til åtak på kvarandre.

Same kva har ingen eg kjenner, reist til Iran dei seinaste åra, og ingen har planar om å reise dit. Den 25. juni evakuerte den ukrainske regjeringa 31 ukrainarar frå landet, og eg tvilar på at det finst så mykje som ein einaste ukrainsk flyktning i Iran no.

Likevel er meldinga frå den ukrainske etterretninga interessant, på grunn av årsakene til at ho kom. Uroa gjeld ikkje faren for nye åtak frå USA eller Israel, men dei indre spenningane som kan auke på grunn av den raskt forverra økonomiske situasjonen i landet: straumstans og stenging av hovudvegar sette i verk av misnøgde innbyggjarar i ulike delar av Iran.

Noko i denne åtvaringa til ukrainarar får meg til å tenkje på gamle spionromanar der hemmelege bodskap vart formidla på denne svært offentlege måten, men eg er ikkje sikker på kven som kan vere den verkelege adressaten i dette tilfellet.

Men merksemda til ukrainarane er ikkje retta mot Iran for tida, eller mot aust i det heile teke, men mot Alaska, der Trump og Putin skal møtast og diskutere framtida til dei okkuperte og ikkje okkuperte territoria til den suverene staten Ukraina. Ingen representantar for Ukraina skal vere til stades, og etter alt å dømme vil det ikkje vere representantar for EU til stades heller, sjølv om EU har mykje større omsut for lagnaden til Ukraina enn president Trump har.

Å seie at dei fleste ukrainarar er skeptiske til utfallet av dette møtet, seier seg sjølv. Mange ukrainarar er rasande. For å roe dei har president Zelenskyj alt slått fast at det einaste dokumentet som definerer eigarskapen til dei ukrainske regionane, er den ukrainske grunnlova, og at ingen kjem til å «kjøpslå» om ukrainske landområde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement