Lita skrift

Innsidar

Publisert

Politisk plasserer eg meg verken på høgre- eller på venstresida. Eg høyrer meir til på innsida, har eg funne ut.

Med det meiner eg ikkje at eg søkjer mot sentrum i det politiske landskapet. Heller ikkje at eg er så integrert i den partipolitiske kulturen at eg kjenner meg heime alle stader i den fargerike politiske fellesskapen vår.

Det eg meiner, er at når nokon forsvarer eit standpunkt i ei sak, lever eg meg så sterkt inn i argumentasjonen at eg ikkje berre er samd, eg går opp i ei høgare eining med talaren. Vi blir eitt, så å seie. Når så motparten kjem med sitt innlegg, kuvender eg og er like overtydd om det motsette standpunktet.

Eg skjønar ikkje dei som hissar seg opp når dei høyrer på politiske debattar. For meg er det ei ubroten kjede av retoriske høgdepunkt.

Sjølv ser eg på dette som ein god eigenskap, eit teikn på at eg har empati og evnar å ta inn over meg kjenslene og tankeverda til medmenneska mine. Men vennene mine ser det ikkje på same måte. Dei meiner det er utslag av prinsippløyse og konfliktvegring. Og det har dei sikkert rett i.

Det er særleg ei som hissar seg opp over at ho ikkje «blir møtt på meiningane sine», som ho kallar det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement