Skulemål

Innfører bokmål på Sjernarøy

Bystyret i Stavanger vedtok denne veka å byte målform ved Sjernarøy oppvekstsenter frå nynorsk til bokmål.

Mange tok ordet i debatten då bystyret i Stavanger denne veka tok stilling til målform på Sjernarøy oppvekstsenter. Biletet er teke ved eit anna høve.
Publisert Sist oppdatert

Kommunedirektøren rådde bystyret i Stavanger til å vidareføre nynorsk som hovudmål ved Sjernarøy oppvekstsenter, men eit fleirtal på 35 mot 32 røyster i bystyret ville det annleis. Frå neste skuleår vert det dimed bokmål som vert hovudmål for dei rundt 30 elevane ved oppvekstsenteret i Finnøy bydel i Stavanger.

Stavanger Aftenblad skriv at det var mange som tok ordet i debatten, og at det heilt til det siste var uklart kvar bystyret ville ende. Medan Ap, KrF, SV, MDG og delar av Raudt ønskte å halde fram med nynorsk, gjekk Frp, Høgre, Venstre og Sp inn for eit byte.

Mette Vabø, som er gruppeleiar for Stavanger Venstre, seier det var dialogen med foreldra ved oppvekstsenteret som gjorde at partiet gjekk inn for eit skifte.

– Dette har vore ei vanskeleg sak for oss i Venstre, for vi er eit parti som set nynorsk høgt og meiner det er viktig å ta vare på nynorsken. Samstundes meiner vi det er viktig å lytte til innbyggjarane og syte for at dei i størst mogleg grad får bestemme over eigen kvardag, seier ho til Dag og Tid.

Fryktar press

Som Dag og Tid har skrive om tidlegare, var det foreldra sitt arbeidsutval ved oppvekstsenteret som i fyrste omgang bad om eit skifte av målform. Ei undersøking utvalet gjennomførte i 2024, synte at 88,6 prosent av foreldra ønskte bokmål som undervisningsspråk i staden for nynorsk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement