Innavla bråkmakarar

Innavl gjennom generasjonar gjer at skandinaviske ulvepar deler like mykje genmateriale som om dei var sysken.

I fjor vinter vart det registrert det høgste talet ulv i Noreg i nyare tid, ifølgje Rovdata.
I fjor vinter vart det registrert det høgste talet ulv i Noreg i nyare tid, ifølgje Rovdata.

Det er bråk om ulven igjen. Fleire tusen personar frå heile landet kom denne veka til Oslo for å protestere mot regjeringsvedtaket om å felle 29 ulvar i lisensjakta i år, ikkje 43, som rovviltnemndene har tilrådd. Demonstrantane meiner regjeringa bryt rovdyrforliket frå Stortinget og lèt for mykje ulv leve.

Forliket seier at det skal vere fire til seks årlege ulvekull i Noreg, og minst tre av dei skal vere heilnorske, som vil seie at dei lever i revir som har heile utstrekninga i Noreg. Øystein Flagstad er seniorforskar i Rovdata ved Norsk institutt for naturforsking.

– Er vi over bestandsmålet no?

– Vi låg godt over bestandsmålet i 2017, med åtte heilnorske ulvekull og fem i grensereviret mellom Noreg og Sverige. Tala for noverande sesong, altså ulvekull fødde i 2018, som vi er i gang med å overvake, syner at vi førebels har dokumentert fire til fem heilnorske og mellom eitt og tre kull i grenserevir. Det er innanfor målsetnaden i 2018 òg. Men dette er førebelse tal baserte på avgrensa sporingsforhold, så dei kan endrast etter kvart som vi får meir sporings- og DNA-data.

– I fjor vinter var det registrert over 100 ulvar i Noreg – det høgste talet registrert i nyare tid, ifølgje Rovdata. Kvar kjem all ulven frå?

– Vi gjorde ein studie av dette tidleg på 2000-talet og kom til at den skandinaviske ulven med stort sannsyn stammar frå den finsk-russiske bestanden. På 80-talet fanst det berre éin ulveflokk i Skandinavia, ei tispe og ein hann som fekk kvalpar. Begge hadde ein genetisk profil som tilsa at dei kom frå den finsk-russiske bestanden. Då foreldra døydde vart det syskenparing og innavl. Tidleg på 1990-talet kom det inn ein ny ulv frå same bestand – og bestanden her auka. Alle dei 150 ulvane i Skandinavia i 2008 kunne sporast tilbake til desse tre individa. Seinare har det kome fleire immigrantulvar, men det er stort sett berre to som har bidrege med nye genar, dei òg er frå den finsk-russiske bestanden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement