Kommentar

Ingenting funkar i bakvendtdemokratiet

Verken populisme eller sentrumspolitikk leverer, men spar oss for sosialismen.

Den britiske statsmininsteren Theresa May slit med brexit. Den tyske rikskanslaren Angela Merkel er ein strategisk katastrofe, men eit taktisk geni, skriv Niall Ferguson.
Den britiske statsmininsteren Theresa May slit med brexit. Den tyske rikskanslaren Angela Merkel er ein strategisk katastrofe, men eit taktisk geni, skriv Niall Ferguson.
Publisert

Røysta du for brexit? Då enda du opp med Theresa May og tre val: hennar avtale, ingen avtale eller kan hende ein annan avtale (som omfattar Noreg). Ingen av dei har fleirtal i korkje Underhuset eller folket, noko som gjev tre andre val: ein annan Tory-leiar, ei anna folkerøysting eller eit nyval.

Røysta du på Donald Trump? Då enda du opp med Nancy Pelosi attende i leiinga av Representanthuset og Robert Mueller som samlar i hop dei mistenkte.

Røysta du på Emmanuel Macron? Då enda du opp med dei gule vestane som smadrar Triumfbogen.

Investerte du i aksjar? Det funka ikkje. Obligasjonar? Det funka ikkje, det heller. Bitcoin? Det funka i alle fall ikkje.

Etter kvart som 2018 går mot ein mindre enn lukkeleg slutt, er det freistande å rett og slett konkludere med at ingenting funkar. Populisme funkar ikkje. Sentrumspolitikk funkar heller ikkje. Det same gjeld investering. Det 2018 hadde å by på, var hundre måtar å tape pengar på.

Kva var det som gjorde at verda vår vart eit bakvendtland? Svaret mitt, til alle demokratiske leiarar, er at du kan verkeleg ikkje lykkast – av sju grunnar:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement