Ingeniørar og politikarar kostar oss mest

Veterinærhøgskulen på Ås skulle kosta vel to milliardar, no er kostnadene komne opp i sju milliardar. Men det finst metodar for å hindra slik galningskap.

Publisert Sist oppdatert

Då underskrivne var ung og studerte statsvitskap, laga ein professor i offentleg planlegging – han skal få vera namnlaus her – ein formel for offentlege prosjekt. Ein tok det fyrste budsjettet, gonga det med to og la så på 40 prosent. Då fekk vi den reelle kostnaden. Eit godt døme er Veterinærhøgskulen på Adamstuen i Oslo. Han er no på veg til Ås. Senterpartiet og leiaren som kom frå Ås, hadde trong for ein siger etter at Erik Solheim hadde fått lov til å verna Trillemarka i Buskerud.

Då regjeringa la fram stortingsproposisjonen om flytting i januar 2008, var optimismen stor om vi jamfører med dei seinaste utrekningane: «Overslag på investeringskostnadene ved ei lokalisering på Ås er rekna til å vere 2147 mill. kroner for ein utdanningskapasitet for opptak av 60 veterinærstudentar og 2359 mill. kroner for opptak på 90 veterinærstudentar.» Stortinget vedtok planen om å byggja for 90 nye. Å byggja nytt for 90 på Adamstuen vart rekna til 1145 millionar.

Ås var dårlegast

Regjeringa sa at det var faglege grunnar til å flytta til Ås, men ei eiga utgreiing i regi av Kunnskapsdepartementet synte at det berre var for landbruksproduksjon det fanst særleg positive faglege effektar av flytting. Når det galdt fiskehelse, mattryggleik, fritids–?og familiedyr, utdaning og forsking, var lokalisering til Oslo og eit samarbeid med Universitetet i Oslo det beste faglege alternativet.

Så byrja Statsbygg å rekna, og for kvar gong dei rekna, gjekk tala opp. Regjeringa hadde ei von om å koma i gang med bygginga i 2013. I den siste budsjettproposisjonen om nybygging på Ås frå 2012 synte det seg at kostnadene vart på minst 5,2 milliardar. Om ein no går inn på heimesida til prosjektet, står det at totalramma er på 6,9 milliardar. Det er nokså presist etter den formelen som professoren sette opp for oss studentar for 30 år sidan. Etter den formelen er prosjektet på Ås berre 300 millionar for dyrt om ein tek utgangspunkt i at Oslo tok opp 60 studentar per år. Perfekt etter inflasjon.

No vert nok prosjektet endå dyrare, sidan det ikkje er ferdig. Dansken Bent Flyvbjerg ved universitetet i Oxford er truleg verdas fremste på kostnader ved såkalla megaprosjekt. Han har synt at det er ein jarnregel verda over at offentlege megaprosjekt i gjennomsnitt hamnar på 47 prosent over siste budsjett før oppstart. Den norske professoren tok utgangspunkt i fyrste budsjett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement