Ingen veg attendeDet er heilt uaktuelt for Senterpartiet å samarbeide med høgresida igjen, seier Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet.

Det er heilt uaktuelt for Senterpartiet å samarbeide med høgresida igjen, seier Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet.

Marit Arnstad (Sp) er parlamentarisk leiar for ei nær dobbelt så stor stortingsgruppe etter valet. – Vi må jobbe vidare med sakene der veljarane har gjeve oss tillit, men det kjem ikkje til å innebere store endringar, seier ho.
Marit Arnstad (Sp) er parlamentarisk leiar for ei nær dobbelt så stor stortingsgruppe etter valet. – Vi må jobbe vidare med sakene der veljarane har gjeve oss tillit, men det kjem ikkje til å innebere store endringar, seier ho.

Valet i haust hadde fleire taparar, som vi har vorte minna om dagleg sidan. Ap er prega av oppvaskmøte, evalueringar, frustrasjonar, konfliktar og uro. Venstre har nølt, sondert og diskutert, før eit fleirtal i partiet enda med å gå for regjeringsforhandlingar. KrF har nesten forsvunne. Høgre og Frp har gått på nokre smellar i Stortinget, erklært mistillit til SSB-direktøren og late vere å klappe under nobelseremonien.

Den største vinnaren i valet har det vore nokså stille frå. Med ei valoppslutning på 10,3 prosent gjorde Senterpartiet sitt beste val sidan EU-kampen på 90-talet. I valkampen lova dei mellom anna å stogge sentralisering, reversere delar av politireforma og kommunereforma, setje i gang ei utgreiing av EØS-avtalen og fjerne EU- og EØS-ministeren om dei kom til makta. Slik gjekk det ikkje.

Like fullt har partiet no ei dobbelt så stor stortingsgruppe som i førre periode. Kva kan Sp få ut av det gode valresultatet på Stortinget? Og kva gjer partiet dersom Ap ikkje kjem tilbake til nye høgder? Kan det vere aktuelt å samarbeide med høgresida igjen?

Går ikkje å tenkje seg

– Nei, svarar Marit Arnstad.

Det er nest siste arbeidsdag på Stortinget før jul. Ho har lent seg tilbake i stolen på kontoret og ser ut til å meine at det korte svaret er alt som trengst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement