Kommentar
Ingen veg attende
Russiske soldatar utanfor Kharkiv flyktar hals over hovud. Men Putin-regimet kjem ikkje til å gje seg. Altfor mykje står på spel.
For to dagar sidan vitja Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj byen Izium i Kharkiv-fylket. Berre fire dagar før var russiske styrkar kasta ut av byen. At president Zelenskyj tok sjansen på å koma til Izium så raskt etter frigjeringa, syner styrken i den ukrainske offensiven og ikkje minst den sjølvtilliten ukrainarane har fått dei siste vekene.
Mens russarane trudde at den ukrainske hæren ville slå til mot Kherson, ein okkupert by vest for Dnipro, la ukrainarane planar for gjenerobringa av heile Kharkiv-fylket og etter kvart også av Luhansk og Donetsk. I Moskva blei militærleiinga og resten av Putin-regimet tekne på senga.
Forvirring
Ein kan sjå den forvirringa som blei skapt, ikkje minst i dei mest Putin-lojale nettavisene i Moskva. Plutseleg var det heilt taust om det som skjedde i Ukraina. Derimot tok dei til å skriva lange artiklar om dronning Elizabeths bortgang og om framtida til det britiske kongehuset, som om det var blitt ei viktig sak for den russiske befolkninga.
Krigen har altså teke ei overraskande vending, og Ukraina er kome på offensiven fortare enn dei fleste kunne håpa på. Somme trur nok at krigen er over om nokre månader, og at den kalde, mørke vinteren som er blitt varsla, ikkje kjem. Det aller meste talar for at ein slik prognose er altfor optimistisk. Om ein trur på ein snarleg slutt på krigen, tek ein ikkje med i rekneskapen måten Putin-regimet er innretta på, kva regimet står for, og korleis det herskar over Russland. Dersom ein trur på snarleg fred, gjer ein med andre ord opp rekning utan vert.
Makt = eigedom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.