Helse

Ingen veg attende

– Nesten ingen i Portugal vil kriminalisere narkotikabruk att, seier João Goulão, gudfar til den portugisiske modellen.

João Castel-Branco Goulão.
João Castel-Branco Goulão.
Publisert

– Vi er glade for den store interessa frå Noreg, og det er hyggjeleg om vi har inspirert forslaget dykkar til ny politikk, seier João Castel-Branco Goulão.

Han har følgt den portugisiske rusreforma heile vegen: Han var med på å lage den nye strategien på slutten av 1990-åra, og er i dag direktør for direktoratet Sicad, som ligg under helsedepartementet og har ansvar for rusmiddelfeltet.

– Reforma var svært omstridd på førehand. Mange i parlamentet frykta at det skulle kome flylaster fulle av narkotikamisbrukarar til Lisboa kvar dag. Men det gjekk jo ikkje slik. 21 år seinare er det brei aksept for modellen i Portugal, både i dei politiske partia og i politiet, seier Goulão.

– Avkriminaliseringa gjorde det mykje lettare for folk å søkje hjelp, ikkje berre med rusproblema sine, men òg med andre helseproblem. Dette var ein viktig del av politikken, for det skaper meir samanheng: Om det er eit helseproblem du skal handtere, gjev det ikkje meining å kriminalisere folk.

– Debatten om avkriminaliseringa dykkar er ofte ideologisk prega, både av dei liberale og dei restriktive?

– Ja, men for oss handla dette om pragmatisme. Heroinmisbruket gjorde stor skade på samfunnet vårt i 1990-åra. Politikken vi hadde, fungerte ikkje. Vi måtte finne nye løysingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement